Nye doktorar: Meistring av førskulelærarolla i eit arbeidsfelt med lekmannspreg

Tekst: Johann Roppen

- Oppdatert

0d9724ac7632321336e461fe4b35dbc2

Gerd Sylvi Steinnes disputerte 21. november 2014 over avhandlinga «Profesjonalitet under press? Ein studie av førskulelærarar si meistring av rolla i lys av kvalifiseringa til yrket og samarbeidet med assistentane». Mette Løvgren disputerte 5. desember 2014 over avhandlinga «Professional boundaries. The Case of Childcare Workers in Norway»

MAFAL-prosjektet har studert tilsette i nær 600 norske barnehagar og har vore eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Oslo og Akershus, Senter for profesjonsstudier. Prosjektet har fått stor merksemd både nasjonalt og internasjonalt.  I tillegg til tre stipendiatar, har fire forskarar frå dei to institusjonane delteke i samarbeidet. Alle har produsert artiklar med utgangspunkt i data frå prosjektet. Oversikt over publikasjonar er tilgjengeleg på MAFAL-prosjektet sine heimesider.

Prosjektet var støtta av Norges forskningsråd og har vore leia av professor Peder Haug ved HVO.

Del på