Nytt studietilbod: Nynorsk i opplæringa 8.-13. årssteg

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

"Kompetanse for kvalitet" er ei satsing på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Målet med satsinga er å styrkje lærarar og rektorar sin kompetanse, som vidare skal gi elevane auka læringsutbytte og motivasjon i skulen.

147367368d5de757d3339ddbd6261b70

– Desse nettstudia gir lærarar over heile landet ein unik sjanse til å auke kompetansen sin på dette viktige området, seier fagansvarleg Anne Steinsvik Nordal entusiastisk.

Søknad

– Interesserte lærarar må søke via Utdanningsdirektoratet sin søknadsweb. Vidare må dei snakke med sin rektor om godkjenning av studiepermisjon. Søknadsperioden for studietilboda i «Kompetanse for kvalitet» er 1. februar – 1. mars, seier Anne Steinsvik Nordal.

Finansiering

Søkjarar kan velje mellom to finansieringsordningar, vikarordning eller stipendordning.

I vikarordninga vert ein frigjort frå delar av dei ordinære arbeidsoppgåvene, og ein får tid til å studere utan at ein går ned i løn. Skuleeigar har ansvar for å dekke kostnadar knytt til reise, opphald, læremidlar, etc.

Søker ein om stipendordning kan ein få inntil 100 000 kroner i stipend for å ta inntil 30 studiepoeng. Ein bestemmer sjølv om ein vil bruke delar av stipendet til å få fri for å studere, eller om stipendet skal vere ei ekstra inntekt i tillegg til jobb.

Høgskulen i Volda og nynorsk som strategisk satsingsområde

Eitt av dei nasjonale satsingsområda til Høgskulen i Volda (HVO) er nynorsk i utdanning, forsking og formidling.

533daef1627a9887247642db9b8cee3c

– Nynorsken set sitt tydelege preg på heile HVO og vi har høg kompetanse på fagfeltet, seier dekan ved Avdelings for humanistiske fag og lærarutdanning Arne Myklebust. 

Studietilbod og forsking

–  På studiesida finn vi studietilbod som Nynorsk i opplæringa og Master i nynorsk skriftkultur. Master i nynorsk skriftkultur formidlar innsikt i skriftkulturen generelt, og i den nynorske skriftkulturen særskilt.

Høgskulen har også eit eige forskingssenter for nynorsk skriftkultur som har ein viktig knutepunktfunksjon for nynorsk skriftkultur.

I fjor vart det klart at HVO skal saman med Universitetet i Bergen (UiB) ta over dei nasjonale språksamlingane som skal flyttast frå Universitet i Oslo (UiO) til Vestlandet. Ordsamlingane ligg til grunn for utgjevinga av Norsk Ordbok, der nynorskmiljøet i Volda også er med.

Nynorskklynga

Høgskulen i Volda ligg i eit område av Noreg der nynorsken står sterkt. Ivar Aasen vart fødd i Hovdebygda i Ørsta der ein i dag finn Nynorsk kultursentrum og Ivar Aasen-tunet.

– I tillegg huser høgskulen eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Dette er eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa og barnehagen som legg vekt på å utvikle metodar og arbeidsmåtar som kan vere med på å skape språkkompetanse og motivere for arbeid med nynorsk, seier dekan Arne Myklebust.

Del på