Ønskjer mindre detaljstyring av lærarar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

b6170305ebbef00442ea60ce7901553c

Måndag overleverte Heggen, som er professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda, og ekspertutvalet rapporten dei har arbeidd med i eit drygt år til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Dei har sett på lærarrollas utvikling over tid og kva som kjenneteiknar den i dag.

Kan gå utover lærarar sin motivasjon

I ein kronikk i Sunnmørsposten tysdag peiker Heggen på fleire forhold som kan styrke lærarrolla i skulen.

– På den eine sida er politisk diskusjon og fastlegging av mål for skulen ein lang og demokratisk tradisjon i Noreg. Ein ser òg at lærarane ser det som ønskjeleg at politikarane vedtek klare mål for arbeidet i skulen, men dette bør vere få, gode og sameinte mål. Men på den andre sida stiller utvalet seg derimot kritisk til er omfanget og detaljeringa i styringa, lærings- og resultatmåla.

Sjølv om intensjonen frå politikarar og kommuneleiing kan vere den beste, har dette omfanget dei siste åra blitt for stort. Det kan gå ut over lærarane sin motivasjon for lærararbeidet og profesjonens eiga utvikling av faglege standardar. Utvalet konkluderer derfor med at det er grunn til å dempe overdriven detaljstyring og tendensen til å innføre eigne indikatorar lokalt i tillegg til dei sentrale. Denne omfattande og dels detaljerte styringa av lærararbeidet bør dempast i tillegg til at lærarprofesjonen bør trekkast sterkare inn når sentrale mål for skulen skal avgjerast, skriv Heggen.

Meir tid til kjerneoppgåver

Utvalet er også opptatt av at lærarane skal nytte arbeidstida si til det dei har kunnskap om og også utvikle kunnskapen sin.

– Utvalet foreslår også fleire profesjonar inn i skulen, for at lærarane kan konsentrere arbeidet sitt meir om kjerneoppgåvene. Utvalet meiner vidare at ei demping av detaljstyring utanfrå kan bidra til at lærarane i større grad kan konsentrere seg om sine kjerneoppgåver, men også styrke lærarprofesjonens eiga evne til å utvikle seg fagleg og profesjonelt. Til det trengs det sterke og stimulerande profesjonelle fellesskap som læraren deltek i, skriv Heggen vidare.

ec68b2613a910bc6da69a10f7df3064b
Professor Kåre Heggen har i over eit år arbeidd med rapporten som vart overlevert måndag.

Treng styrka samarbeid

Eit anna punkt Heggen legg vekt på frå den 250 sider lange rapporten, som også har blitt til ei bok, er samspelet mellom institusjonane som utdannar lærarar og skulane.

– Utvalet er opptatt av å styrke partnarskapen mellom lærarutdanning og skule. Lærarutdanninga skjer på to arenaer – høgskule/universitet og skule, og desse må samarbeide tett om studentane si læring og utvikling av læraridentitet. Høgskulane må meir aktivt delta i studentane sin praksis, og praksisskulane må kollektivt engasjere seg i lærarutdanninga si praksisopplæring.

Fleire krav og forventningar

Kunnskapsministeren Torbjørn Røe Isaksen ser rapporten som eit godt utgangspunkt for å diskutere lærarrolla.

– Lærarane møter fleire krav og forventingar i dag enn dei gjorde for 20 - 30 år sidan. Denne rapporten minner om at kjerneoppgåva til lærarane er undervisinga. Det er eit godt utgangspunkt for å diskutere lærarrolla i tida framover, seier Røe Isaksen i ei pressmelding.

Professor ved Program for lærarutdanning ved NTNU, Thomas Dahl, har vore leiar av ekspertgruppa.

Her kan du lese heile rapporten frå ekspertutvalet.

pressefoto:

Kåre Heggen

Del på