PPU – vegen inn til læraryrket for mange
Møt Borge som gjekk frå verkstaden til læraryrket og Tommy som er utdanna kjemiingeniør og i dag stortrivst med å undervise kjekke ungdommar på ungdomskulen.
Søknadsfrist 15. april: Møt Borge som gjekk frå verkstaden til læraryrket og Tommy som er utdanna kjemiingeniør og i dag stortrivst med å undervise kjekke ungdommar på ungdomskulen.
– Eg har alltid vore glad i å lære bort det eg kan, anten det har vore viktige eller uviktige ting. Det er tilfredsstillande å sjå at andre meistrar det du prøver å lære dei, synest Borge Austnes, som begynte på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i ein alder av 53 år i 2017.
Han er eksempelet som viser at det er mange vegar inn til læraryrket. Austnes har mekanisk bakgrunn frå vidaregåande skule, der han også tok eit år elektrofag. Etter det har han jobba som servicemekanikar, drevet sin eige bensinstasjon med verkstad i 19 år, gått fagskole for mekaniske fag, vore teknisk driftsleiar i ein kommune, før han freista lykka i skulen som lærar.
Mangla pedagogikk
I samband med at han gjekk teknisk fagskule for om lag ti år sidan var ein kjenning som sat i leiinga ved Ålesund vidaregåande skule interessert i å tilsette han som lærar.
Austnes takka nei, men tanken om å bli lærar låg etterpå i bakhovudet hans og i 2016 gjorde han alvor av det.
Då tok Austnes til ved Ålesund vidaregåande skule og underviste hovudsakleg for elevar på Teknikk og industriell produksjon (TIP). Han hadde den faglege kompetansen som skulle til, men mangla den pedagogiske biten.
Difor tok Austnes til på Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag på deltid ved Høgskulen i Volda i 2017, og avslutta det toårige løpet i 2019. Han fekk stipend gjennom Utdanningsdirektoratet og vart «kjøpt fri» for å vere med på samlingar i samband med studiet i Volda.
Nyttige samlingar
For Austnes vart studiet eit pusterom der han fekk tankar og verktøy som gjer at han kan lære bort faget sitt på ein betre måte.
– Det var veldig interessant og eg gleda meg til kvar samling – det var mykje matnyttig å lære. Eg hadde mykje «laus» fagkompetanse som det var fint å få satt i system og lære korleis eg skule lære vekk. Sjølv om det ligg ein del vanleg fornuft bak pedagogikk, fekk eg meg nokre a-ha-opplevingar, innrømmer Austnes.
Ved nokre samlingar overnatta han i Volda og møtte medstudentar til stunder på ettermiddag- og kveldstid som var gull verdt.
– Vi møttest gjerne på hotellet til ein god prat om det vi hadde vore gjennom på skulen. Vi diskuterte fag, delte av erfaringane våre og hjelpte kvarandre. Det var nesten like lærerikt og nyttig det, som timane på skulen, seier Austnes som i dag både er avdelingsleiar og lærar for TIP og maritime fag ved Fagerlia videregående skule i Ålesund.
Kort om PPU
PPU er ei lærarutdanning for deg som har ei utdanning frå før, og som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise elevar i det faget du har utdanning i. PPU er delt i to studieretningar: PPU for allmennfag, som Høgskulen i Volda tilbyr både som heiltids- og deltidsutdanning, og PPU for yrkesfag.
Med PPU kvalifiserer ein til å bli lærar for 5.–10. årssteg i grunnskulen og vidaregåande skule.
Høgskulen i Volda tilbyr:
- Praktisk-pedagogisk utdanning yrkesfag deltid
- Praktisk-pedagogisk utdanning allmennfag heiltid
- Praktisk-pedagogisk utdanning allmennfag deltid
Hugs søknadsfrist 15. april!
PPU allmennfag
PPU allmennfag er for dei med kompetanse i faga norsk, musikk, samfunnsfag, framandspråk, religion, livssyn og etikk, naturfag, matematikk, kroppsøving, mediefag og kunst og handverk.
Opptakskrav for PPU allmennfag:
- Fullført mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14.
Eller
- Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eitt av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk.
PPU yrkesfag
PPU yrkesfag er aktuelt for deg som har fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning (eks. sjukepleiar eller ingeniør), og minst to år med relevant praksis etter fullført utdanning. Profesjonsretta utdanning er i denne samanhengen utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar på vidaregåande opplæring.
PPU Yrkesfag er også for dei med fagbrev eller annan fullført yrkesutdanning på vidaregåande nivå. Det er krav om generell studiekompetanse, to år med yrkesteoretisk utdanning og minst fire år med relevant praksis - inntil to års læretid vert rekna som ein del av relevant praksis.
Frå ingeniør til lærar
Då oljekrisa ramma verda i 2014 var Tommy Furuli nyutdanna kjemiingeniør – på verst mogleg tidspunkt med andre ord. Han vart kall inn til nokre jobbintervju, men alle med same tilbakemelding som resultat: «Beklagar, vi har stopp i tilsettingar no».
Det gjorde at moldensaren måtte tenke annleis og prøvde lykka i læraryrket. Han fann seg fort til rette bak kateteret og skjønte etter kvart at pedagogisk utdanning var både nødvendig og viktig i yrket. Derfor ble PPU allmennfag ved Høgskulen i Volda vegen å gå for Furuli.
– Slik som det utarta seg etter ingeniørutdanninga mi, vart PPU og læraryrket ein fin veg for meg. Det er glimrande å kunne bygge på fagkompetanse sin med pedagogisk kompetanse, slik at ein kan lære bort faget sitt, seier Furuli.
Rik pedagogisk verktøykasse
I dag jobbar han ved Volda ungdomsskule og underviser i matematikk, naturfag, teknologi i praksis og kroppsøving, i tillegg til å være tilsett som hovudtrenar og trenarkoordinator i Ørsta handball.
– Eg får brukt pedagogikken både som lærar og trenar. No har eg ei verktøykasse med gode faglege og pedagogiske verktøy som det er lett å ta drage nytte av, fortel Furuli, som ikkje er i tvil om kva han fekk mest utbytte av gjennom PPU-utdanninga si i Volda:
– Samtalane og diskusjonane med medstudentane og lærarane både før, etter og i undervisninga var svært nyttig. Vi diskuterte pedagogikk og fagdidaktikk, tok med oss erfaringar vi hadde får før og fekk gjennom praksis i studiet og vart klokare saman.
Og var ikkje alt heilt slik som studentane ville ha det i undervisninga, opplevde Furuli dei tilsette ved høgskulen som lydhøyre.
– Eg var tillitsvald i klassa og var i møter med sei som hadde ansvaret for utdanninga. Eg følte dei tok oss på alvor og høyrte på dei vi hadde å seie.