Saman for omsorg for barn

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

SOM-seminaret er eit fagleg opplegg for over 300 studentar frå sosionom-, barnevern-, barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane samt faglærarutdanninga i kunst og handverk.

bf9df3d0ad848ce951fda5d6b69ca1c0

Over 300 studentar frå tre avdelingar ved Høgskulen i Volda tar del på SOM-seminaret.

0f910b654f26135dac2579c182be4d38

Dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

– Ein barnedom prega av omsorgssvikt kan føre til alvorlege konsekvensar for resten av livet. Difor skal vi ha fokus på å gje god omsorg og skape rom for vekst og utvikling for barna våre. Dette er ei viktig oppgåve for oss som er foreldre og ei viktig samfunnsoppgåve. Som framtidige profesjonsutøvarar vil de møte desse utfordringane med ulike innfallsvinklar, men de vil alle møte dei, sa dekan Arne Myklebust i helsinga si til eit fullsett auditorium i Berte Kanutte-huset.

030602b90d59e6bd61034be59c6bc572

Elevar frå Ørsta og Volda ballettskule dansa ved opninga av SOM-seminaret.

5430af7a052661319c86f23492c4fda4

Anne Marie Verpe frå Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda introduserer ein av innleiarane, psykolog Vigdis Bunkholdt.

Program.

Del på