Skyhøg pedagogmangel i barnehagane: Gode søkartal gir optimisme

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

I 67 barnehagar på Sunnmøre arbeidde det i fjor tilsette i barnehagelærarstillingar som ikkje har utdanninga og den pedagogiske kompetansen som lova krev. Ved Høgskulen i Volda håpar ein at høge søkartal til barnehagelærarutdanninga kan hjelpe på situasjonen.

Barnehagane skulle innan 1. august 2018 ha innfridd krav i den skjerpa pedagognorma, vedteke av Stortinget, som seier at det skal vere minst ein pedagogisk leiar per 7 barn under 3 år og minst ein pedagogisk leiar per barn 14 barn over 3 år. Dette har barnehagane store problem med å innfri og Møre og Romsdal er ikkje noko unnatak. I 2019 hadde 132 barnehagar i fylket tilsette i stillingar på dispensasjon frå desse pedagogkrava. 52 av desse høyrer heime på Nordre Sunnmøre, medan 15 på Søre Sunnmøre. 

Dialog med barnehagane

Kravet for å få tittelen pedagogisk leiar i ein barnehage er fullført barnehagelærarutdanning, og dei fleste som utdannar seg til barnehagelærarar vert pedagogiske leiarar. Elisabeth Welle, studieleiar ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO), er fullt klar over den svært uønskte situasjonen med alt for få pedagogar i barnehagane og det høge talet tilsette i stillingar som arbeidar på dispensasjon frå lovverket. Welle og hennar kollegaer har dialog med barnehagane gjennom kommunane i fylket, som har det overordna ansvaret for barnehagane. 

– Høgskulen har jobba godt med denne saka, og det har blitt sendt ut informasjon til barnehagane i området. På den måten sikrar vi oss at informasjonen kjem der potensielle søkjarar til barnehagelærarutdanninga er. Det er både i barnehagen og kommunen si interesse at talet på dispensasjonar går ned. Vi veit sjølvsagt ikkje kven søkarane er, men eg håpar at det er ein del av dei som er på dispensasjon som har søkt, seier Welle.

God søkarauke

Når ho snakkar om søkarane, er det dei som har søkt barnehagelærarutdanning ved HVO i 2020. Då søknadstala frå Samordna opptak kom i slutten av april, viste dei at 95 søkarar hadde barnehagelærarutdanning deltid ved HVO som sitt førsteval, som er ein auke på 32 prosent frå året før. På heiltid var oppgangen på 6 prosent. Tal som Welle kan smile av og som vil kome barnehagane godt til nytte i åra framover.

BLU

– Det er viktig at vi har nok kvalifiserte tilsette i barnehagen, dette er med på å heve kvaliteten på tilbodet som barna får. Kompetanse og nok tilsette i barnehagen er viktig for å sikre barna ein god start, seier Welle og nemner viktige nøkkelord der barnehagelærarar har unik og viktig kompetanse; barn, leik og læring, fag, omsorg, pedagogisk arbeid, leiing og samarbeid. 

Undervisning der behovet er størst

Studieleiaren vil ikkje spekulere i søknadstala, men det er naturleg å tru at ein del av søkarmassen til den populære deltidsutdanninga, er tilsette i barnehagar utan den naudsynte pedagogiske kompetansen. Etter som behovet for fleire pedagogiske leiarar er størst på Nordre Sunnmøre og ein har sett at søkartalet frå den regionen har vore høgt før, tilpassar ein utdanninga slik at mykje av undervisninga er lagt til Ålesund.

Elisabeth Welle
Studieleiar Elisabeth Welle

– Modellen er slik at all undervisning, to dagar i veka (måndag og onsdag), går føre seg i Ålesund heile første studieår. Det same gjeld for det tredje året. I andre studieår har dei emne som Kunst, kultur og kreativitet og Natur, helse og rørsle. Dette er emne der vi er avhengig av at studentane får tilgang på våre spesialrom i Volda som musikkrom, formingsverkstader, dramarom, naturfagslaboratorium, og gymsal med meir. Difor har vi lagt all undervisning til campus i Volda det andre året. I det fjerde året har dei fordjuping saman med heiltidsstudentane i Volda på hausten og arbeider for det meste fritt med bacheloroppgåva på våren, fortel Welle.

Lagt om utdanninga

Dette er ikkje dei einaste endringane for deltidsutdanninga som gjeld frå hausten 2020 av. Ein har gått bort ifrå vekesamlingar og satsar på to undervisningsdagar kvar veke i staden.

– Vi har erfart at når vi har vekesamlingar, så er det lett for studentane å «gløyme» at dei er studentar mellom samlingane, og at dei tek på seg for mykje jobb. Dette kan få konsekvensar for studiet, og livet til studentane. Når vi har lagt opp til undervisning to dagar kvar veke, så reknar vi med at studentane tek minst ein studiedag der dei kan jobbe med studiet i fred og ro. Vi planlegg undervisning måndag og onsdag, og reknar med at studentane tek studiedag på tysdag, seier Welle. 

Dette håpar ho også fell i god jord hos barnehagane i fylket. – Vi prøvar å gjere det forutsigbart for barnehagane ved at det er faste undervisningsdagar heile studiet. Vi håpar at det vil gjere planlegginga for styrarane i barnehagane betre.
 

Del på