Studentane trivst best på små lærarutdanningar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Dette går fram av ein rapport frå følgjegruppa for grunnskulelærarutdanninga som vart lagt fram på ein konferanse ved Universitetet i Stavanger 18. mars.

– Dette er studentanes oppleving av lærarutdanningane, og er verkeleg noko Kunnskapsdepartementet bør ta inn over seg, seier dekan Arne Myklebust ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) ved Høgskulen i Volda.

–Departementet bør no avblåse jakta på det dei trur er små og svake utdanningar. Vi har dei lærarutdanningar vi treng. I staden bør departementet konsentrere seg om å møte den verkeleg store utfordringa – og det er å skaffe nok lærarar, held Myklebust fram.

a61d0c50487c8e31ca81c823cf7cc095Frå venstre: Studieleiar for grunnskulelærarutdanningane (GLU) ved Høgskulen i Volda, Oddvar Aalde, leiar for Følgjegruppa Elaine Munthe (Universitetet i Stavanger) og Arne Myklebust, dekan ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL) ved Høgskulen i Volda.

Av sluttrapporten til følgjegruppa går det fram at det framleis er for få som søkjer lærarutdanning. Problemet blir ikkje mindre av at dei største lærarutdanningane overbookar studia. Det fører til at dei ikkje klarer å ta seg av alle dei nye studentane og dermed ser ein at opp til 40 prosent av lærarstudentane i store byar sluttar – samtidig som mindre lærarutdanningar kanskje har ledige plassar.


Verdifullt med følgjegruppe

- Det har vore verdifullt at det vert oppretta ei følgjegruppe. Gjennom fem rapportar og ei rekkje konferansar har gruppa sett fokus på omlegginga av lærarutdanninga og skapt møteplassar der sentrale spørsmål har vorte drøfta blant alle landets lærarutdannarar, seier Myklebust.

Nokre funn frå følgjegruppa:

  • Studentar ved mindre høgskular har ei meir positiv oppleving av studiekvalitet og opplever at det blir stilt høgare krav til dei enn ved dei tre store utdanningane i Oslo, Bergen og Trondheim.
  • Søkinga til lærarutdanning aukar mindre enn til andre tilbod i høgare utdanning, og det det er like mange studentar som sluttar som før.
  • Dei store lærarutdanningane overbookar sine utdanningar, medan mange lærarutdanningar i regionane har færre studentar enn det regionane treng.
  • Lærarutdanningane ved høgskulane blir stadig sterkare som forskingsinstitusjonar, men må arbeide meir for å kople på studentar og skulen i forsking og utvikling.


Medlemmene i følgjegruppa:
Elaine Munthe, professor, Universitetet i Stavanger (leiar)
Jan Idar Solbakken, dekan, Samisk høgskole
Helga Hjetland, tidlegare leiar av Utdanningsforbundet, Kyrkjebø
Bent Cato Hustad, forskar, Nordlandsforskning
Tore Isaksen, rådmann, Ringerike
Hanna Marit Jahr, tidlegare ekspedisjonssjef, Oslo
Eva Maagerø, professor, Høgskolen i Buskerud og Vestfold
Jens Rasmussen, professor, Aarhus Universitet (medlem av tidlegare dansk følgegruppe)
Tobias Werler, professor, Høgskolen i Bergen
 
Sekretariat:
Magne Rogne (leiar)
Kari-Anne Svensen Malmo (rådgivar)
Joachim Kolnes Andersen (førstekonsulent)

Nettstaden til Følgjeforskingsgruppa, blant anna med rapportar frå arbeidet.

Lærarutdanningar i Volda.

Del på