Verdifull kunnskap for arbeidslivet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Spesialpedagogisk arbeid handlar om å utvikle og gjennomføre opplæring i eit samarbeid mellom ulike partar, der spesialpedagogen vil ha ei sentral rolle.

Variert studium
Det er generelt stort behov for spesialpedagogisk kompetanse i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule. Då Rebekka var ferdig utdanna lærar, hadde ho lite kunnskap om spesialpedagogikk. Med ønske om vidare utdanning søkte ho til spesialkompetanse innan feltet.

– Mastergradsstudiet passa godt til mine interesser. Eg hadde høyrt mykje positivt om utdanninga, og opplegget femna om fleire fagområde. Det at studiet er variert, var avgjerande for at eg valde nettopp Volda som studiestad.

f07b74ff24abf658e749d2f76903cba4d0f63361
Rebekka Wilhelmsen Solheim og professor Olof Magne under landskonferansen om matematikkvanskar for PPT i Kristiansand i november.  Rebekka nytta ein del av professorens teoriar og arbeid i masteroppgåva. (Foto: privat).

Viktig kunnskap
Rebekka var fulltidsstudent over to år og ser tilbake på ei tid med faglege diskusjonar og eit godt studiemiljø. Studiet har gjeve verdifull kunnskap til å gå ut i arbeidslivet, og ho ser kor viktig det er å ha kunnskap om spesialpedagogikk.

– Rettleiaren min på masteroppgåva var ein god samtalepartnar. Det faktum at eg kunne knyte meg til eit forskingsprosjekt ved høgskulen, var særs positivt og lærerikt.

Materiell frå høgskuleforsking
Masteroppgåva har tittelen "Når førebuinga tel. – Utfordringar knytt til tilpassa opplæring i matematikkfaget på 9. trinn", og har fokus på lærarane og korleis dei førebur undervisning i matematikk tilpassa den enkelte elev. Rebekka nytta seg av materiell frå KIO-prosjektet, eit forskingsprosjekt ved høgskulen, der mellom anna 79 matematikklærarar har delteke i ei spørjeundersøking.

– Opplysningane frå forskinga vart basisen i oppgåva mi. Fordelen var at eg kunne nytte ein kvantitativ metode sidan eg hadde så mange lærarar som utgangspunkt. Eg tok til med arbeidet i januar og leverte oppgåva i juni 2008.

Spennande kvardag
I dag arbeider Rebekka i eit ungdomsteam saman med ein psykolog og ein sosionom. Arbeidsfeltet er frå 9. klasse til slutten på vidaregåande opplæring.

– Spesielt det eg har lært om matematikk, åtferd og leiing er viktig når eg arbeider med ungdommar. Eg ønskjer å halde fram med utfordringar knytte til det spesialpedagogiske feltet. Eg vurderer også å skrive ein eller fleire artiklar om emnet, og vart under sensuren oppmoda om å tenkje i retning av doktorgrad. Dette ligg eventuelt langt fram. No er eg mest oppteken av å nytte kunnskapen i den varierte jobben min på PPT, avsluttar ho.

Del på