Igangsetting godkjent: Slik vert arbeidet med mediebygget

Med grønt lys frå Volda kommune, startar no arbeidet med midlertidige parkeringsplassar og ny «miljøgate» på høgskuleområdet. Seinare i haust vert Joplassvegen stengt for privattransport. Her finn du dei nye rutene for mjuke og harde trafikantar framover.

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Del på:

Med grønt lys frå Volda kommune, startar no arbeidet med midlertidige parkeringsplassar og ny «miljøgate» på høgskuleområdet. Seinare i haust vert Joplassvegen stengt for privattransport. Her finn du dei nye rutene for mjuke og harde trafikantar framover. 


Volda kommune har godkjent ingangsettingssøknaden frå Statsbygg, entreprenør K. Nordang og Høgskulen for å starte forarbeidet med parkeringsplassar og tilrettelegging for bygging. Dermed startar arbeidet etter planen: Måndag 21. oktober går entreprenøren i gang med å klargjere til byggestart, og vil ha alt klart til opparbeiding av tomta det skal stå eit nytt mediebygg på i 2021.

 

Nye parkeringsplassar og miljøgate til HVO

Det første som skjer, er at mellombels parkering vert etablert på Rotevasstomta. Det vil også kome ei asfaltert miljøgate som vil fungere som hovudveg til Berte Kanutte for mjuke trafikantar. Denne skal vere tre meter brei, og vil vere tilrettelagt for taxitransport og liknande, forklarar distriktssjef i K. Nordang, Vidar Wåge Hansen. - Byggeplassen vil vere sikra og avstengt, difor skal vi gjere alt klart for både mjuke og harde trafikantar før vi startar på arbeidet med tomta, seier Wåge Hansen.  
 

Kartutsnitt: Her kan du gå og køyre i byggeperioden (Ill. K. Nordang)
Sjå kvar du kan gå og køyre i byggeperioden (Ill. K. Nordang) 

Stenging av Joplassvegen 

Når dei alternative løysingane er klare i starten av november, vil også vegen frå E39 opp til Berte Kanutte, Joplassvegen, bli stengt for privattransport. Dette skjer i samband med bygginga av Volda Campus Arena (VCA), som allereie er i gang. Dei to byggeprosjekta samarbeider tett for at dette skal bli så smidig som mogleg for alle partar. 

 - Når vi har gjort klart alternative tilkomstvegar, vil Joplassvegen kunne stengast. Her vil det kome ein port som kan opnast for spesialtransport, naudkøyretøy og liknande, seier Wåge Hansen. Han presiserer at det er privanttransport som først og fremst må nytte seg av alternativ innkøyring og ny parkering framover. 


Så startar det for "alvor"

Då er også alt klart for at sjølve arbeidet med mediebygget kan starte: - No som vi fekk ingangsettingstillatelsen frå Volda kommune, kan vi starte etter planen, seier Wåge Hansen. 

Ein kikk i planane hans viser at dette vert veke 47, frå 18. november. 

 

PS! Hald deg oppdatert! Her finn du alle nyheiter om mediebygget, kontaktinformasjon og liknande.

Del på: