Nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda

I 2021 får Høgskulen i Volda splitter nytt mediebygg, tilpassa ei medieutdanning for framtida. Bygget skal huse alle mediefaglege utdanningar, 500 mediestudentar og femti tilsette, samt vere senter for arbeid med digital kompetanse i læring. Her kan du lese siste nytt i arbeidet med å sette opp bygget, samt finne fakta, bilete, teikningar og kontaktinformasjon. 

 

Bli med Nærsynet inn: Slik vert det nye mediebygget. 


AKTUELLE BYGGEMELDINGAR

25. mai - 18. juni: Brua mellom Berte Kanutte-huset og Hans Strøm-huset vert stengt. I perioden må gåande og syklande nytte alternative ruter via Volda Campus Arena - sjå illustrasjon under. Varelevering vil kunne gå opp Joplassvegen som vanleg. 

Alternativ gang og sykkelveg



ARBEIDSTIDER I BYGGEPERIODEN

Hovudarbeidstider vil vere måndag til fredag frå klokka 07.00 - 20.00
Det kan forekome arbeid enkelte laurdagar
Det vil ikkje vere jobbing på heilagdagar

Endringar og arbeid som påverker arbeidskvardagen vert kommunisert tilsette og studentar ved HVO på e-post. 

 

KONTAKTINFORMASJON, ENTREPRENØR

Prosjektansvarleg Steffen Thorseth Løkling: +47 986 29 999 - steffen.lokling@nordang.no
Prosjektingeniør Anders Oksavik: +47 986 19 463 - anders.oksavik@nordang.no 




NYHEITSSAKER

 

PRESSEKONTAKT: 

Kommunikasjonssjef ved Høgskulen i Volda, Line Lauvsnes Oddekalv: +47 481 04 676 - llo@hivolda.no
Spesialrådgiver i Statsbygg, Stig Petter Pettersen: +47 995 61 535

 

FAKTA 

PEAB/K Nordang AS står bak «EXPO» som vann konkurransen om å bygge det nye mediehuset. Totalentreprenøren har med seg arkitektar frå Link arkitektur og rådgivarar frå Cowi på akustikk, ECT på elektro, Norconsult på systematisk ferdigstilling og livssyklusanalysar, og ART på prosjekteringsleiing.

"EXPO» tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå". 
 


HISTORIKK: 

  • September 2016: Statsbygg får i oppdrag frå Høgskulen i Volda å prosjektere eit nybygg for mediefag og kulturbygg for Volda kommune

  • Juni 2017: Lokaliseringa blir vedteken av HVO etter tilråding frå Statsbygg

  • Desember 2017: Kulturbyggdelen går ut av prosjektet

  • Mars 2018: Statsbygg lyser ut ein avgrensa anbodkonkurranse

  • September 2018: Dei fire forslaga som kom inn i konkurransen presentert

  • November 2018: Vinnaren av konkurransen lansert: PEAB/K Nordang AS med "EXPO"
     

FRAMDRIFT 2019 - 2021

  • August 2019: Regjeringsgodkjenning gitt 20. august

  • September 2019Prosjektet over i ny fase

  • Oktober 2019: Opparbeiding av tomt, mellombels parkeringsløysing klar

  • November 2019: Byggestart

  • 2021: Bygget ferdig og klart til overtaking