Disney-animatør til Volda-festival

Tekst: Per Straume , Foto: Matteo Baratella

- Oppdatert

Animation Volda har hatt rekordmange filmar å velje i for å lage årets program til festivalen som går 23. – 26. september. På plakaten står også Disney-animatøren John Pomeroy, andre store namn frå animasjonsfilmverda, barnefilm laga i Volda og mykje anna gøy. 

Då fristen for å melde inn filmar til festivalen gjekk ut i sommar hadde det kome inn 1616 filmar, som alle ønskte å vere ein av dei om lag 70 filmane som utgjer programmet. Animation Volda er med andre ord svært populær for skaparar av animasjonsfilm. Og tendensen er absolutt stigande. Under rekordåret 2020 vart 1308 filmar sendt inn til Animation Volda – no overgår ein altså det talet ganske så klart. 

– Det er kjempegøy med så stor interesse for festivalen vår. Det viser at vi har skaffa oss eit godt namn og rykte og er interessante, strålar animasjonsstudentane Simon Oskar Brandal, Ingunn Hønsvall og Kyrre Walle Alstadhaug som utgjer leiartrioen for festivalen.

Sjå heile programmet her.

Kjendisanimatørar og barnefilm

Animatør John Pomeroy, som jobbar for Disney, er eit av mange stor namn frå animasjonsbransjen som skal dele av sin kunnskap og halde innlegg under festivalen. Pomeroy har blant anna jobba med filmar som Pocahontas, Simpsons The Movie og no i nyare tid Netflix-suksessen Klaus. 

Rasmus Sivertsen

Mannen bak fleire store norske animasjonsproduksjonar, Rasmus Sivertsen, kjem tilbake til Volda, staden han tok animasjonsutdanninga si på 90-talet. Han var ein av dei sentrale animatørane på den første animerte heilaftensfilmen i Norge: Solan, Ludvig og Gurin med reverompa og har regissert ni animerte langfilmar i tillegg til kortfilmar og reklamefilmar. Han står også bak folkekjære filmar om Hakkebakkeskogen og Kaptein Sabeltann, og Sivertsen er særleg kjent for dei tre nye dokkefilmane om Flåklypa-universet.

I tillegg til desse to vert det fleire interessante foredrag. Publikum kan også få med seg rykande fersk animasjonsfilmproduksjon laga av elevar ved Øyra skule. Dei skal med hjelp frå animasjonsstudentar lage animasjonsfilm som vert vist fram på samfunnshuset søndag under festivalen.

Følg Animation Volda på Facebook og Instagram.

Filmar frå heile verda

Filmskaparar frå Frankrike og USA står bak nesten ein tredel av filmane, resten er spreidd frå over heile verda. Filmane er laga av alt frå profesjonelle, studentar og til hobbyamatørar.

– Det er så mange ulike sjangrar, uttrykksmåtar og teknikkar, fortel festivalleiarane, og ramsar opp handteikna, dokker, klassisk animasjonsteknikk og skrekkfilm. I all hovudsak er det kortfilmar, fortel leiartrioen for festivalen.

– Vi har vore svært bevisst på å få med litt av kvart når vi har gjort utvalet og gått frå 1600 til 70 filmar. Vi ønsker at festivalen skal fenge mange og treffe flest mogleg.

Fysisk og digitalt

I år kan ein få med seg festivalen uansett kor ein er i verda. I tillegg til det fysiske programmet i samfunnshuset i Volda, kan ein kjøpe digitale billettar for å få med seg filmane på nett. 

HER KAN DU KJØPE BILLETTAR


 

Del på