14. februar 2019Nytt fag trenar fantasienKan bleieskift gjerast til noko pedagogisk og morosamt, både for store og små i barnehagen? Det øver studentane i høgskulen seg på i sitt nye fordjupingsemne.
14. februar 2019Fortidas Facebook: Etterlysing av "klassebøker"Mange tidlegare studentar ved Volda lærarhøgskule heldt kontakten med kvarandre i mange år etter dei var ferdige med utdanninga.Det gjorde dei blant anna ved å skrive "klassebøker" der dei skreiv ei side eller to om liv og lagnad, og så sende boka vidare til andre klassekameratar. – Vi oppmodar alle som har slike bøker å sende oss dei, seier emeritus Kjell-Arild Madssen.
12. februar 2019Studiebarometeret: Oppgang for Høgskulen i VoldaResultatet frå den store, årlege undersøkinga viser at studentane ved Høgskulen i Volda er meir nøgde enn i fjor. – Det er gledeleg med oppgang og at tiltaka vi har sett i gang har gitt resultat, men vi ønskjer oss endå betre resultat, seier rektor Johann Roppen.
11. februar 2019Seanse feirar milliontilskotMøre og Romsdal fylkeskommune løyver 1,2 millionar kroner per år i tre år framover til Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda. Hovudverksemda til Seanse er å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge. – Dette er eit stort klapp på skuldra for arbeidet vi gjer, seier senterleiar Marit Ulvund.
08. februar 2019Svenskar kjem til Volda for å læreHøgskulen i Volda har i over 20 år sendt ut sine grunnskulelærarstudentar for å ta over ein grunnskule i ei heil veke. No følgjer fleire og fleire skular etter, òg i Sverige.
07. februar 2019Kompetanse for kvalitet – rekordmange tilbod– «Kompetanse for kvalitet» er Utdanningsdirektoratet sitt program for vidareutdanning. I denne satsinga tilbyr Høgskulen i Volda no rekordmange studietilbod for barnehagelærarar, grunnskulelærarar og yrkesfaglærarar i vidaregåande skule, seier rådgjevar Ole Frank Bakken. Søknadsfristen er 1. mars.
01. februar 2019Eksterne kandidatar til HVO-styretHøgskulen i Volda foreslår mellom andre professor Bernt Hagtvet og Lodve Solholm som nye styremedlemmar.
22. januar 2019Samarbeider om campusutviklingHøgskulen i Volda og Volda kommune startar samarbeid med lokale og regionale aktørar for å vidareutvikle høgskuleområdet i lag.
21. januar 2019Symfoniorkesteret med nyttårskonsertTradisjonen tru inviterer symfoniorkester til nyttårskonsert søndag 27. januar. Mange unge solistar tek del.
09. januar 2019– Sterke fagmiljø blir enda sterkare samanProfessor Siv M. Gamlem frå Høgskulen i Volda er leiar for forskingsprosjektet «Systematisk observasjon i pedagogisk forsking». Prosjektet er eit nettverkssamarbeid mellom fagtilsette ved Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg er fagtilsette frå institusjonar i frå Finland og Danmark med.