Bygdepride er tilbake

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Bygdepride er den største kjærleiksfeiringa vår! Kvart år i byrjinga av mai heiser vi flagg og faner, går i tog og deltek på ulike arrangement for å feire retten til å vere den du er og elske den du vil. Høgskulen i Volda (HVO) er stolt samarbeidspartnar for femte år på rad. 

Tekst: Viacheslav Glukhov, Media practices-student og praktikant på kommunikasjonskontoret ved HVO.

– For meg personleg er det ei tidsrekning før og etter Bygdepride, seier prorektor ved Høgskulen i Volda (HVO), Odd Helge Mjellem Tonheim. 

– Eg føler det er mykje meir akseptert å vere seg sjølv, og at det er noko som har utvikla seg dei siste åra. Samstundes er det framleis vanskeleg for mange å kome ut av skapet og fortelle dei du er glade i at du er homoseksuell – og det er noko vi må jobbe vidare med. 

– For oss ved Høgskulen i Volda er det viktig å vere ein del av Bygdepride så vi kan bidra til at regionen vår skal vere ein open og inkluderande stad å leve, jobbe og studere, seier Mjellem Tonheim.

Årets Bygdepride er større enn nokon gong. Du kan gle deg til dei veke full av hendingar! Alt frå parade til regnbogemesse, dragshow og konsertar. Vi skal danse og feire kjærleiken! 

Under her finn du oversikta over alt som skjer. Vi håper du vil vere med å feire saman med oss.


Program

Laurdag 6. mai
13:30: Vi heiser regnbogeflagget over Volda rådhus. 
14:00 Bygdepride og Dokfilm viser skeive filmar. Vi vil sjå «Kunsten å vere syndig» av Ibrahim Mursal, “La Vida es un Carnaval” av Fernando Colín Roque og mange fleire. Kvelden avsluttar vi med Brenn-konsert! 
 
Måndag 8. mai
10:00: Bygdepride-butikken opnar! Kjøp regnbogeflagg, pins og anna «merch», som ikkje berre ser bra ut – men som også viser viktige bodskap.
16:30: Kortfilmen «Bygdehomo» om verdas førtse pride på bygda. Studenthumanist Lone Knutsen og Studentprest Ruth Eva Sollie inviterer oss til gratis mat og den gode samtale med Mat og prat etter filmen.

Tysdag 9. mai
Vi roar ned og ladar opp til dei store konsertane og feiringa som skal gå føre seg vidare i veka, men du er hjarteleg velkomen innom Bygdepride-butikken, som opnar klokka 10. 

Onsdag 10. mai
10.00: Vi opnar Bydepride-butikken som vanleg. 
18:00: Ungdomsarrangement på Stødt Bar&Scene i Ørsta. Skribenten og den fabelaktige historieforteljaren Jarl Wåge er kveldens gjest. 
20:00: Arrangementet på Stødt held fram med nydeleg musikk av Sven 
Henriksen. 

Torsdag 11. mai
19:00: Regnbogemesse i Ørsta kyrkje. Vi vil fylle kyrkja med kjærleik, og vise at same kven du elskar er du velkomen inn. 

Fredag 12. mai
For ein dag det skal bli!
14:00: Vi tek turen til Aasentunet der Jarl Wåge presenterer boka si «Kilometervis med forteljingar”. Line Førre Grønstad frå Skeivt Arkiv vil leie ei samtale etterpå. 
18:00: Bingo! På Rokken, leia av dei fabelaktige drag-artistane i “The House of Divas” 
20:00: Vi held fram på Rokken med den store Bygdepride-festen! LIZZ og Eirik Sognnes har førebudd eit fantastisk show til oss. 

Laurdag 13. mai 
Vekas høgdepunkt!
12.00: Vi startar i Uppheimsparken, med DJ og open Bygdepride-butikk. Besøk ein av dei mange standane eller berre nyt dagen og folkelivet! 
14.30: Oppstilling på Steinrøysa til den store paraden! 
15.00: Vi går i tog for kjærleiken! Velkomen til å gå med oss bak HVO-fana om du vil det. 
20.00: “The House of Divas” går på scena på Sødt Bar&Scene in Ørsta. 
21:00: Rokken inviterer til Eurovision 2023-fest. 

For å halde deg oppdatert, hugs å følgje Bygdepride på Facebook og Instagram, og sjå på bygdepride.no for program og informasjon! 

Vi gler oss til å feire kjærleiken med deg. 

Del på