Eksamenar vert digitale

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Alle eksamenar som krev fysisk frammøte, til dømes skriftleg skuleeksamen og munnleg eksamen, skal endrast til alternative digitale eksamensformer. 

Dette bestemte kriseleiinga ved Høgskulen i Volda 16. mars. Som ein konsekvens av dette vert også all undervisning gjennomført digitalt resten av semesteret. 

Dette kan også medføre ei justering av tidspunkt for eksamen. Oversikt over desse alternative eksamensformer og eventuelt justering av tidspunkt vil vere på plass 30. mars.

Treng du nokon å snakke med?

Studentrådgjevar og psykologhelsetenesta held fram med samtalar. Det vil frå no foregå via telefon, e-post og skype.

  • Studentrådgjevar, Eli Anne Løksa, er tilgjengeleg mandag til fredag 08.00 – 15.30. Ta kontakt på mobiltlf.: 992 37 980 eller epost: eli@sivolda.no.
  • Psykolog. For dei som allereie går til samtale med psykolog, ta kontakt med din psykolog for å få avklart korleis samtalane vidare skal organiserast. Psykologtenesta er koordinert av psykologspesialist Vidar Myklebust. Treng du hjelp eller informasjon vedkomande tenesta ta kontakt med han på mobiltlf.: 996 36 923 eller e-post: vm@hivolda.no.

Andre kontakttelefonar, som ikkje er organisert av Studentsamskipnaden, er:

  • Studentombod, Kjersti Brevik Møller, mobiltlf.: 458 47 150.
  • Studentprest, Kristian Myklebust mobiltlf.: 905 95 410 / Ingrid Finsådal mobiltlf.: 910 08 109
  • Studenthumanist, Lone Ellingsvåg Knutsen, mobiltlf. 992 95 480
    Sentralbordet ved Høgskulen i Volda vil i perioden 17.- 26.3.2020 vere ope mellom 09.00 – 15.45

Del på