Fruktbart forskarbesøk frå København
Volda-forskarar innan spesialpedagogikk og inkludering fekk utveksle kunnskap og erfaringar med danske fagfellar.
Volda-forskarar innan spesialpedagogikk og inkludering har lenge samarbeidd med forskarar i Danmark. Førre veke møttest dei på Høgskulen i Volda for å utveksle kunnskap og erfaringar.
Forskingsgruppa Spesialpedagogikk og inkludering ved Høgskulen i Volda (HVO) har over lengre tid hatt forskingssamarbeid med Københavns Professionshøjskole (KPH), Aalborg Universitet og Aarhus Universitet i Danmark.
– No var vi så heldige å få sju av forskarane frå KPH på vitjing til Volda, fortel Anne Randi Fagerlid Festøy. Ho leier HVO-forskingsgruppa og arbeider som førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk.
Sju HVO-forskarar frå gruppa tok del i samlinga saman med delegasjonen frå København, og Festøy fortel at forskarane fekk to spennande dagar saman 18. og 19. april.
– Vi presenterte forskinga vår for kvarandre, og i denne samanhengen fekk vi svært mange gode innspel og diskusjonar.
Dei danske gjestene var også nøgde med utbytet:
– Vi har hatt nokre spennande og fagleg inspirerande dagar med utveksling og utvikling rundt arbeidet med det spesialpedagogiske feltet. I tillegg har vi nytt godt av den sosialfaglege fellesskapen og ikkje minst den vakre naturen i Volda, seier førsteamanuensis Stine Kaplan Jørgensen ved KPH.
Treng eit tydelegare fagfelt
Samarbeidet med dei danske fagmiljøa innan spesialpedagogikk og inkludering har stor verdi for HVO, fortel forskingsgruppeleiaren:
– Det er med på å setje vår eiga forsking inn i ein større samanheng. Det å vere saman og kunne oppdage både like og ulike problemstillingar ein står overfor, skaper grobotn for interessante refleksjonar. Vi har også fått kontakt der vi skal utforske meir konkret fagleg samarbeid vidare.
Gjennom presentasjonane og diskusjonane kom det fram både interessante likskapar og skilnader mellom dei to nordiske landa.
– Vi har mellom anna sett like utfordringar knytt til mellom anna auke innan mobbing og lågare trivsel. Vi ser også at vi har samanfallande tenking rundt inkludering og korleis ein er oppteken av elevane som aktive deltakarar i eiga opplæring, seier Festøy.
Ho fortel også at det i danske fagmiljø no er større diskusjonar om kva spesialpedagogikk eigentleg er, både i seg sjølv og i høve allmennpedagogikken.
– Dette er ganske interessant, for Nasjonalt nettverk for spesialpedagogikk i Noreg står i nøyaktig dei same drøftingane akkurat no. Det er ikkje tvil om at det spesialpedagogiske fagfeltet no treng å bli tydelegare som eit eige fagfelt.
Presenterte eit breitt spekter av tema
Frå forskingsgruppa i Volda var det fire som heldt innlegg under samlinga.
Beate Farstad presenterte funn frå SMART-prosjektet med tittelen «Studenter med dysleksi i høyere utdanning».
Anne-Kari Remøy gav innblikk i avhandlingsarbeidet sitt og temaet «Samarbeidspraksisar rundt fleirspråklege elevar med vedtak om spesialundervisning».
Ann Helen L. Næss presenterte arbeidet med ein reviewartikkel om elevane sin medverknad i grunnskulen, noko fleire i forskingsgruppa er involverte i. I tillegg delte ho erfaringar frå forskarrolla og det å vere i starten på ein forskarkarriere.
Gruppeleiar Festøy presenterte funn frå regionale data i den nasjonale KOSIP-undersøkinga. Ho retta merksemda mot temaet «Vilkår for å utvikle ei inkluderande opplæring for elevar på 1.-4. steg med behov for særskilt tilrettelegging».
Frå danskane tok Lise Aagaard Kaas føre seg ei veksande utfordring med trivsel i skulen, noko ein ser både i Noreg og Danmark. Kaas presenterte temaet «Trivselsindsatser og humørmålinger som en del af skolens (selv)evalueringspraksisser». Stine Thygesen presenterte funn frå ein studie i eit større prosjekt, SYKL (Deltagelse og inklusion i Systematiseret Klassekammerathjælp), med følgjande tema: «Hvad sker der, når elever bytter roller?» Rune Frederik Cordsen presenterte frå eit avhandlingsarbeid om samarbeid mellom pedagogane i skulen og SFO, der temaet var «Lærere og pædagogers samarbejde om inklusion».
Samarbeid med viktige gevinstar
I tillegg til gode faglege økter på høgskulen var reisefølgje også på omvising i Aasentunet med innblikk i Ivar Aasens livsverk og vilkåra for nynorsken.
– Dette skapte vidare gode diskusjonar også knytte til språk og om forskingsformidlinga sine rammer, fortel Festøy.
Kva betyr det for studentane våre at fagtilsette har slike internasjonale møtepunkt?
– Desse samarbeida har fleire viktige funksjonar. Det handlar om at vi får løfta blikket vårt og får innspel på ei tenking som kanskje blir litt implisitt, og dette hjelper oss å nyansere meir. Å trekkje parallellar til stoda i andre land er også ein verdi som vi tek med oss inn i undervisninga. Vi får også kjennskap til ei større mengd med forsking som vi kanskje elles ikkje hadde fått med oss, avsluttar Festøy.
Forskingsgruppa Spesialpedagogikk og inkludering vil takke Internasjonalt kontor, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning og Institutt for pedagogikk ved HVO, som gjorde det mogeleg å gjennomføre eit forskingsseminar med ein så høg kvalitet.