Samordna opptak: Fleire vil studere ved Høgskulen i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

HVO er ein av 10 utdanningsinstitusjonar i Noreg som har auke i talet på søkjarar. 1380 har sett Volda som sitt førsteval til hausten, og mange studium har stor oppgang. 

15. april var frist for å søkje høgare utdanning gjennom Samordna opptak. Og medan talet på søkjarar nasjonalt går ned, peiker pila i riktig retning for Høgskulen i Volda. I år, som i fjor, vert det ny rekord i talet på søkjarar som har Volda som sitt førsteval. Det plasserer HVO på ei «eksklusiv» liste over utdanningsinstitusjonar med søkjaroppgang. Dette er tredje året på rad med auke for Høgskulen.

– Vi er veldig glade for at så mange ønskjer å studere hjå oss, seier høgskuledirektør Per Halse. Vi er ikkje så opptekne av rekordar, men det er klart at det er kjekkast med oppgang – og ikkje minst ei tilbakemelding på at vi har gode og interessante studietilbod ved Høgskulen i Volda!

Det er 1380 søkjarar med Høgskulen i Volda som sitt førsteval, mot 1367 i fjor. I snitt er det 1,8 førsteprioritetssøkjarar per studieplass.

Stor auke for estetiske fag og idrett

Nokon av dei som jubla høgast ved HVO då tala vart kjende torsdag føremiddag, var tilsette ved Avdeling for Kulturfag. Både årsstudium og bachelor i Teater og drama har ei auke i søkjartala. Også Design, kunst og handverk har oppgang: Over dobbelt så mange vil ta årsstudium, samanlikna med fjoråret. Idrett og friluftsliv er også ein del av avdelinga –  og jubelen: Søkjartala til bachelor i Idrett og kroppsøving har auka med 45 prosent samanlikna med fjorårstala, og Friluftsliv toppar nok ein gong lista over flest søkjarar per studieplass.

Solid vekst for mediefaga

Medieutdanning er for mange synonymt med Høgskulen i Volda, og årets søkjartal stadfestar at det biletet stemmer godt med røynda. Det er oppgang for bachelorgradene Mediedesign, Medieproduksjon og Journalistikk med spesialisering i TV og radio. Animasjonsstudiet aukar også, og har 4,8 søkjarar per utlyste studieplass. Størst auke opplever PR, kommunikasjon og media med ein oppgang på 54 prosent samanlikna med søkjartala frå 2018.

– Det er svært bra, og det er viktig for oss med gode søkjartal på mediefag. Dette er og skal vere eit flaggskip for Høgskulen i Volda, og vi er takksame for at resultata stadfestar den posisjonen. No ser vi også fram til bygging av nytt, flott mediehus ved HVO – så for mediefag er det mykje å gle seg til framover, seier ein nøgd høgskuledirektør.

Suksess for nykomaren

Tidlegare i år lanserte Høgskulen i Volda ein ny historie-bachelor på nett. Dette viste seg å vere eit svært ettertrakta tilbod, med 76 søkjarar. Det svarar til 3,8 søkjarar per ledige studieplass.

– Det var kjekt! Det er alltid spanande med nye studium, og då er det godt å få stadfesta at vi trefte med tilbodet vårt, kommenterer høgskuledirektør Halse.

Det er fleire studium ved avdeling for Samfunnsfag og historie som gjer det skarpt i år: Sosialt arbeid, barnevernspedagog har ei auke på 20 prosent samanlikna med i fjor, noko som betyr at over 100 søkjarar har lyst til å ta denne utdanninga ved Høgskulen i Volda.

Ønskjer seg fleire lærarar

Det er likevel ikkje berre grøne tal i Volda-rekneskapen frå Samordna opptak. Av faga som har ein nedgang i søkjartalet samanlikna med i fjor, er mellom anna Grunnskulelærer (GLU) 1-7, 5-10 og Barnehagelærar.

– Vi hadde ønskt oss endå fleire søkjarar til lærarutdanningane, seier Per Halse.
– Vi tek sjølvsagt med oss at vi hadde ei auke av søkjarar til desse faga i fjor, så vi er i stor grad tilbake på det nivået vi låg på i 2017 – men det er jo ikkje den retninga vi ønskjer å gå. Dette er noko som har høg prioritet i heile sektoren, så her kjem vi utan tvil til å jobbe vidare med rekrutteringstiltak både lokalt og nasjonalt, seier høgskuledirektøren.

 

Topp fem studium, søkjarar per studieplass ved Høgskulen i Volda: 
1. Friluftsliv: 10,8
2. Animasjon: 4,8
3. Journalistikk, spesialisering tv og radio: 4,0
4. Historie, bachelor, nettbasert: 3,8

Del på