Studentsamskipnaden - kva kan dei gjere for deg?

Tekst: Terese Balsnes , Foto: Studentsamskipnaden i Volda (SiVolda)

​Studentsamskipnaden i Volda – eller SiVolda, er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda.

SiVolda tilbyr gode tenester innan bustad, helse, mat, rådgjeving, sosiale tiltak, studenthus, trening og fritidstilbod. Dei jobbar heile tida for at studentkvardagen din skal vere så trygg, forutsigbar og god som mogleg, og er eit tillegg til andre offentlege og private tenester.

Bustad - kort veg til alt!

studenthybel

Stove på Myrane studentheim. Foto: Studentsamskipnaden i Volda

Å flytte til ein ny stad betyr også at du må ha ny plass å bu! Det første møtet med Studentsamskipnaden i Volda er gjerne i månadane før du kjem til Volda, sidan det er dei som tildeler studentbustadar. Som student ved Høgskulen i Volda har du nemleg rett på bustad hos Studentsamskipnaden, og dei tilbyr hyblar, hybelleilegheiter, familieleilegheiter og leilegheiter tilpassa rørslehemma for både enkeltstudentar, par og barnefamiliar. Tildeling av bustad skjer fortløpande og det er ingen søknadsfrist.

studentsamkipnaden sitt administrasjonsbygg

Studentsamskipnaden sitt administrasjonsbygg finn du i Elvegata 24, 6103 Volda

Fleksible ordningar

Det er lurt å søke om bustad så tidleg som mogleg, og skulle det vise seg at du ønsker å bytte til ein annan bustad hos SiVolda etter at du har flytta inn, kan du flytte internt til ein ledig bustad utan noko oppseiingstid. Studentbustadane til SiVolda er nært både campus og sentrum, du betalar ikkje depositum, straum er inkludert, internett er gratis - du får til og med vaktmeistertenester med i leiga!

Helsetenester og støtteordningar

Når studiet er godt i gang, kan det godt hende at heimlengta blir stort eller at du føler at du ikkje finn deg heilt til rette. Då kan det vere godt å vite at SiVolda både har studentrågivar og studentpsykolog og andre helsetenester tilgjengeleg for deg og dine medstudentar. Mellom anna kan du kontakte helsesjukepleiar og nytte gratis helsestasjon. Dersom du har store kostnadar knytt til helsa di, for eksempel til tannbehandling eller kiropraktortensester, så kan du søke om stønad gjennom helsefondet. Du kan også få refundert eigenandelar ved konsultasjon meg lege eller psykolog gjennom SiVolda si helsekasse. 

Studenthuset Rokken - ein hyggeleg møteplass

kafélokale

Rokken Cafè. Foto: Studentsamskipnaden i Volda

Studenthuset Rokken er eigd og drive av Studentsamskipnaden i Volda og har både scene og kafé. Rokken Cafè er ein kjempekoselig møteplass for studentar, lokalbefolkning og turistar, og kan friste med ein variert streetfood-meny og god kaffi.

Rokken - meld deg som frivillig!

frivillige studentar

Rokken er avhengig av frivillige studentar. Foto: HVO / Karl August Swanstrøm.

Mange store artistar har stått på Rokken scene og fleire kjem til hausten! Rokken kan ikkje eksistere utan frivillige studentar, og SiVolda oppmodar om å melde seg til bar, crew, vakt, pr, eller nokon av dei andre oppgåvene som trengs for å fylle studentane sitt eige hus med aktivitetar. Å jobbe på Rokken er supert for deg som har lyst til å bli kjend med andre utanom studiet! Kanskje får du nærkontakt med ein artistkjendis? I alle fall får du gratis konsertbillettar!

Tett samarbeid

At Høgskulen og Studentsamskipnaden Volda er tett knytt til kvarandre, ser ein mykje av i kvardagen. Kantina, for eskempel, er drifta av SiVolda, men har lokala sine på høgskulen. Eit anna eksempel er samtaletenesta. Treng du nokon å snakke med kan du ta kontakt med SiVolda sin studentrådgjevar, eller du kan få samtale med studentprest eller studenthumanist knytt til høgskulen . Desse tre jobbar tett saman og kan hjelpe i alle fasar i studietida. 

Fritidstilbod

SiVolda tilbyr både utleige av båt, kanoar og SUP-brett, både på vatn og fjorden. Skulle det friste med ein tur på fjorden for å prøve fiskelukka, eller berre nyte finværet, tilbyr SiVolda ein motorbåt til leige ved hamna i Volda sentrum. I tillegg opna dei eit flunkande nytt naust ved Rotevatnet i mai 2024 kor ein kan leige både robåt, kano og SUP-brett - GRATIS!

Følg med i sosiale medium!

SiVolda på Facebook og på Instagram

Del på