Til Mexico for å drøfte ytringsfridom og sensur

Biblioteksjef Mariann Schjeide ved høgskulen reiste rundt halve kloden i embets medfør. Her opplevde ho både høgtlesande dragqueens og kvardagen til amerikanske bibliotek under sterkt press.

Mariann Schjeide i Mexico.

HVO-biblioteksjef Mariann Schjeide saman med bibliotekaren Jorge Octavio Ruiz, som arbeider ved eit av universitetsbiblioteka ved Universitetet i Mexico by, som har rundt 350 000 (!) studentar. Foto: privat.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Biblioteksjef Mariann Schjeide ved høgskulen reiste rundt halve kloden i embets medfør. Her opplevde ho både høgtlesande dragqueens og kvardagen til amerikanske bibliotek under sterkt press.

Til dagleg er Mariann Schjeide er seksjonssjef for biblioteket ved Høgskulen i Volda (HVO). I fjor fekk ho eit viktig verv i den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA som ein av ti medlemer av ein rådgivande komité for hovudstyret: FAIFE (advisory Committee on Freedom of Access to Information and Freedom of Expression).

Det var i kraft av FAIFE-vervet Schjeide nyleg tok turen frå Sunmøre heilt til Mexico by for å delta på symposiet Unshelving Voices.

Kva handlar arbeidet i FAIFE om?

– Det handlar om ytringsfridom og intellektuell fridom og alle aspekt rundt det, og at bibliotek skal vere den fremste garantisten for det. Slik veit vi at det ikkje er, mange stader i verda. I aukande grad ser vi no at dette begynner å bli eit problem i den vestlege verda. Det hardna særleg til etter at Trump blei president i 2016.

Mariann Schjeide i Mexico.
Nokre av deltakarane under symposiet i Mexico by. HVO-biblioteksjefen finn vi til venstre litt over midten. Lengst framme med rosa slips sit leiaren frå Schjeides komite, meksikanaren Jonathan Hernandez. Foto: privat.

Sterke inntrykk frå Amerika

Schjeide fortel at symposiet i Mexico by handla om ytringsfridom og sensur i vid forstand, også med tanke på rettane til urfolk.

– Det var eit eige symposium for urfolksrettar. Det kjendest eksotisk då vi starta symposiet med eitt minutt stille etter å ha takka moder jord, skogen, vatna og det guddommelege i naturen. Det gjorde sterkt inntrykk på meg å sjå kor dedikert og inderleg det var.

Under symposiet var Schjeide moderator for sesjonen «Censorship and knowledge». Det handla mykje om korleis LGBTQ+-spørsmålet blir behandla i amerikanske bibliotek.

– Ein av titlane var «The straight white Christian male assumption», og det seier jo sitt! Det var litt eksotisk at eg kom heilt frå Noreg og innførte det dei kalla «the Scandinavian schedule». Det vil seie å starte og slutte som avtalt og oppsett i programmet. Å høyre om det som føregår i USA, er smått surrealistisk. Bibliotekarane kjempar ein kamp mot marginale grupper med særs mykje makt – eit lite mindretal som greier å få viljen sin.

Statistikk for sensur av bøker i USA.
Frå ein tankevekkjande presentasjon om framveksten av boksensur i USA. Foto: privat. 

Noreg kan ikkje tenkje at alt skjer langt borte

Attende i Noreg etter symposiet har HVO-biblioteksjefen fått med seg nyttig og viktig fagleg påfyll.

– Eg har med meg ei verktøykasse til framtidig bruk om vi sjølve skulle bli utfordra rundt innhaldet i biblioteket. Vi ser at fleire universitet i USA no er under sterkt press. Vi høyrer om liknande ting i Noreg, førelesarar som må ha lagt om undervisninga si fordi enkelte kjenner seg krenkte. Det fører til sjølvsensur, som også er ein viktig del av sensuren. Vi må ha sterkare planar for det som kan kome til å skje for framtida, og ikkje tenkje at dette skjer langt borte.

Schjeide kan også fortelje at dei nordiske folke- og fagbiblioteka har ei høg stjerne ute i verda.

– Vi blir sett på som sterke og sjølvstendige i eit av verdas friaste demokrati. Men det som skjer i verda, påverkar oss også. Fleire universitet i USA og elles i verda opplever no at det blir stilt spørsmål ved samlingane deira. «Banned books» er eit omgrep i USA, der bibliotek blir pressa til å ta visse bøker og forfattarar ut av samlinga. Det kan også kome til å skje her, og vi har sett tendensar allereie. Eg får mykje innsikt i desse problemstillingane som gjer at vi kan vere føre var.

Høgtlesande dragqueens, pyramidar og flamenco

HVO-biblioteksjefen fekk også bokopplevingar av den litt meir uventa sorten.

Mariann Schjeide i Mexico.
2000 år gamle pyramidar gav perspektiv. Foto: privat.

– Noko av det verste konservative republikanarar og ytre høgre i USA kan tenkje seg, er dragartistar som les bøker for små barn. Dei påstod at dette skjedde. Det gjorde det jo ikkje, men dette hadde ingen tenkt på før, så derfor blir det no i USA, Canada og Europa sett opp høgtlesingsstunder der dragartistar les høgt. Eit slikt høgtlesingsshow var eg på på ein alternativ bokhandel og bar i Mexico by, der ei dragqueen las med stor innleving.

Mellom slaga i det faglege opplegget fekk sunnmøringen også utforska det historiske Mexico.

– Eg fekk sjå dei 2000 år gamle pyramidane utanfor Mexico by. Å tenkje på at her gjekk aztekarane rundt ein gong på same stad, gjorde noko med meg.

Kulturglade Schjeide kunne også notere seg eit nytt høgdepunkt med heftige rytmar.

– I FAIFE sit også biblioteksjefen i Vancouver, der eit av Nord-Amerikas største bibliotek ligg. Ho har drive mykje med flamenco og inviterte meg med på eit flamencoshow med ei stor mannleg flamencostjerne frå Spania. Det var ei lita, intim scene der vi var kanskje rundt hundre publikummarar. Eg er veldig fan av flamenco, og trur kanskje dette er ein av mine største kulturelle opplevingar nokosinne, avsluttar biblioteksjefen ved Høgskulen i Volda.

Del på: