Å skape det gode livet
- Korleis skal vi løyse framtidas omsorgsutfordringar? Ein ting veit vi: Dei fleste av dei må løysast av dei kommunale helse- og omsorgstenestene, seier tidlegare rektor og no dagleg leiar på Møreforsking, Gunnar Stave. Desse tenestene skal møte behova til eldre menneske, men også til ei veksande gruppe av yngre brukarar. Problemstillinga blir sett lys på onsdag 19. november når Høgskulen i Volda inviterer til dagsseminar om Aktiv omsorg.
Dei nye brukargruppene stiller krav til nye arbeidsmåtar og endra kompetanse. Disse problemstillingane er sett på dagsordenen gjennom ei stortingsmelding frå Helse- og omsorgsdepartementet, og blir drøfta både i praksisfeltet og i utdanningsinstitusjonane. Stikkordet er aktiv omsorg. Samarbeid med praksisfeltet Onsdag 19. november Konferansen er open for alle interesserte. |
|