Slik ser ein nettstudent ut

Tekst: Webmaster Volda

Dette er einaste samlinga dette semesteret der studentane får høve til å treffe kvarandre, elles må dei arbeide på eiga hand og gjennom elektroniske klasserom. Denne læringsmetoden gjer det mogleg for dei fleste å kombinere studiet med jobb.

Frioff_klasse
Ivrige nettstudentar i levande live

Prosesssamtalen og nettverksbygging er hovudinnhaldet i 3. emne. Prosesskonsulent, Asle Farner, er foreleser saman med professor Emil Morten Berg. Frivillig og offentlig er eit relativt nytt studium ved Høgskulen i Volda. Målet er å gje leiarar som jobbar i skjeringspunktet mellom frivillig og offentleg verksemd eit teoretisk grunnlag for å takle dette vanskelege feltet.

Frioff_Farener
Forelesar Asle Farner

Det er det første kullet med studentar som no er samla på Fagerborg. Dei er no i gang med sitt tredje semester á femten studiepoeng. Studentane kjem frå Målselv i nord, til Kristiansand i sør, Askvoll i vest og Gausdal i øst, og skal i løpet av fire dagar få bo og jobbe i lag på Fagerborg hotell.
- Engasjementet i "klassa" er stort, læringsforholda og stemninga god, sjølv om det er lange dagar, melder Vestre.


Lenke:

Del på