Datoen for den beste veka i år er klar!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Konsertprogrammet er enno ikkje klart, men ein ting er sikkert:  – Det blir bra. Det kan eg love, seier Hatab. Ho går så langt at ho seier at veka i år blir den beste av alle veker arrangert sidan den første i 1985.

1775421b0465bac1a08a9e28c805c1e0f5d83833
Den energiske Surferosa fenga Volda-studentane under Veka i fjor (Foto: Veka/Info).

Engasjement
Av fleire tusen studentar har sju personar tatt på seg å arrangere veka. – Styret er usannsynlig engasjerte. Difor kan eg allereie seie at Veka 2009 blir ei veke ein seint, eller eventuelt aldri gløymer, seier Hatab.

Inkluderande
Veka i år skal vere inkluderande. – Vi vil at alle skal føle seg velkomne under Veka. Ikkje berre studentane, seier Hatab.

For å arrangere veka er ein avhengig av mange. – Det er takka vere lokalsamfunnet at Veka har overlevd i så mange år. I tillegg til frivillige studentar, sjølvsagt. Vi håper like mange, og kanskje fleire, vil engasjere seg i år.

Tekst og foto: Eirin Aardal, PR-ansvarleg for Veka 2009, e-post: aardal@hivolda.no

Del på