Nynorsk journaliststipend til HVO-student

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Iselin Nevstad Øvrelid vart tipsa av ein kollega i Vikebladet Vestposten om at Mållaget i Kristiansand utlyste søkjarar til eit nynorsk journaliststipend. Ho sende søknad, men venta ikkje å få stipendet sidan mållaget prioriterer journaliststudentar frå Agder. Søknadsfristen var 21. november, og i midten av februar fekk ho ein hyggeleg telefon. 

–  Det kom som ei stor overrasking då ein frå Mållaget i Kristiansand ringde og fortalde at eg hadde vorte plukka ut, og at dei likte søknaden min veldig godt. Søknaden inneheldt fleire saker eg har arbeidd med i tillegg til søknad, attestar, CV osv. Sakene var frå lokalavisa Vikebladet Vestposten og internpraksisen på Nærnett og i Næravisa. Føremålet med stipendet er at det skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet, fortel Iselin.

9a154507382e52f383b305eb29841b2c1aa723bc
Iselin Nevstad Øvrelid studerer journalistikk ved høgskulen og har i desse dagar eksternpraksis i Sunnmørsposten (Foto: Anita Lien).

Viktig å kunne bruke nynorsk
Iselin går siste semesteret på journalistikkutdanninga ved høgskulen. I desse dagar har ho eksternpraksis i Sunnmørsposten.

– Eg visste allereie då eg tok til på vidaregåande, at eg ville studere journalistikk i Volda, rett og slett fordi eg er veldig glad i å skrive, og er interessert i språk og nyhende. For meg er det veldig viktig å få bruke nynorsk som skriftspråk. Dessverre er det framleis ein del aviser som er negative til bruken av nynorsk, men gjennom journalistikkutdanninga i Volda har eg fått bruke nynorsk gjennom heile studiet, både i radio- og avissamanheng. Det er veldig bra. No når eg er i praksis i Sunnmørsposten, må eg skrive ein del saker på bokmål òg. Det er sjølvsagt heilt greitt, men det er nynorsken eg føretrekkjer.

Iselin synest det er motiverande og inspirerande å få tildelt eit stipend.

– Eg vart veldig glad for å høyre at eg vart plukka ut. Generelt trur eg det er få journaliststudentar som brukar nynorsk. Det er ikkje så mange av mine medstudentar. Kanskje kan eit slikt stipend vere med på å motivere dei andre journaliststudentane til å bruke nynorsk. Så kan dei òg søkje neste år, seier ho. – Det viktigaste er i alle fall at ein får høve til å bruke det skriftspråket ein meistrar best, og at det ikkje er anten eller.

Mastergradsstudium til hausten
Iselin har ikkje fått pengane enno, men når dei kjem, skal dei rett på sparekonto.

–  Eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal bruke stipendet til, men eg har framleis nokre pensumbøker igjen å kjøpe. Elles håpar eg på å reise litt i sommar. Men pengane kjem godt med når ein er student uansett.

Til hausten skal Iselin Nevstad Øvrelid halde fram med studia i Volda. Ho har søkt på mastergrad i nynorsk skriftkultur, og synest det er bra at ho har høve til å halde fram som student i Volda.



Del på