Sjå liste over studieplanar som starter på:

Kunst og handverk (vidareutdanning)

Program of study: 
Design, Arts and Crafts
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
16
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Studiet har i hovudsak ei praktisk tilnærming til faget og utviklar deg som utøvar i og formidlar av faget. Studiet fokuserer på teori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag. I studiet er det tilbod om sju ulike emne, og studenten vel to emne etter ønskje.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge
  • Studenten har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i bilete, bruksform og arkitektur
  • Studenten har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag
Learning outcome skills
  • Studenten kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i bilete, bruksform og arkitektur
  • Studenten har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Learning outcome qualification
  • Studenten har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling og forvaltaransvar utvikle seg til samhandlande menneske på tvers av kulturar
  • Studenten har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer
Content structure

Studiet skal settast saman av 2 emne à 15 studiepoeng etter studentens eige val. Studenten kan velje mellom fleire emne.

Haustemne:

  • Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
  • Tre og tradisjonsarbeid, 15 studiepoeng
  • Tekstil - formgiving til utebruk, 15 studiepoeng

Våremne:

  • Kunst - skaping og formidling, 15 studiepoeng
  • Visuell kommunikasjon, 15 studiepoeng
  • Leire og produktutvikling, 15 studiepoeng

Dersom studiet seinare skal utvidast til årsstudium, må du velje to av dei fire obligatoriske emna i årsstudiet (sjå kva emne det er i studieplanen for årsstudiet i kunst og handverk). Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

Vidareutdanning kunst og handverk
Anna
Store delar av studiet har lagt inn obligatorisk frammøte i undervisninga. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6. Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne som dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen. Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid, utan fare for seg sjølv og andre. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
-