Sjå liste over studieplanar som starter på:

Kunst og handverk (årsstudium)

Program of study: 
Design, Arts and Crafts - year course
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
20
Type of study: 
Year programme
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Årsstudiet i Kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstnariske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eigen aktivitet og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom studenten i ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar. Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Årsstudiet kan påbyggjast til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i Kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU) i tillegg.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
  • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling
Learning outcome qualification

Studenten 

  • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
  • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
Content structure

Studieprogrammet er bygd opp av 4 emne à 15 studiepoeng, og alle er obligatoriske.

Haust:

  • Kunst - skaping og formidling, 15 studiepoeng
  • Visuell kommunikasjon, 15 studiepoeng

Vår:

  • Fagdidaktikk, kunst og formkultur, 15 studiepoeng
  • Funksjonell design, 15 studiepoeng

Det kan søkjast om godskriving av tilsvarande emne som er tatt ved andre høgskular. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, praktisk oppgåveløysing på verkstad og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både som individuelt arbeid og i grupper.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i all undervisning, jmf. Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6. d). Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. 

Kunst og handverk årsstudium
Navn: 
Kunst og handverk årsstudium
Expenses

Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materialar. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

Anna
Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Karen Brænne