Studer teater-, kunst- og musikkfag!

Avdeling for kulturfag har eit av dei breiaste kulturfaglege miljøa på bachelornivå i Noreg. Her kan du gjere alt frå å lage skulpturar til å spele teater eller musikk på scena, og få tett oppfølging frå engasjerte lærarar.

Les meir om utdanningane vi tilbyr:

Musikk Oddekalv

Kjell Oddekalv
Kva kan du blir når du studerer musikk? Bli med når Kjell introduserer deg for høgskulen sitt rike musikkmiljø. Her kan du høyre podkasten.

Høgskulen har nyoppussa og velutstyrte verkstader for design, kunst og handverk, eige kor og symfoniorkester, profesjonelt musikkstudio og gode øvingslokale, eigne teaterlokale med blackbox og whitebox, kostyme- og scenografilager, eige lydstudio og verkstad. Det vert lagt til rette for at du får utvikle deg som utøvar, og teori og praksis går hand i hand.

Gode grunnar til å studere teater, kunst og musikkfag i Volda

Lærarar: Lærarane er svært engasjert i di faglege utvikling og hos dei står døra open for studentane. 

Fasilitetar: Vi har godt utstyrte verkstadar og øvingsrom som nyleg er oppussa og i topp stand. Desse har du som student tilgang til døgnet rundt.

Utveksling: Som student ved teater, kunst og musikkfag kan du ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Storbritannia , USA, Irland, Latvia og New Zealand. Sjå kor du kan reise.

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under.

Bli kjend med studiebygda Volda