Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
IPA301 Regional planlegging og utvikling
Ingen
I dette emnet utforskar vi korleis ein gjennom samskaping og samfunnsplanlegging kan utvikle berekraftige regionar og samfunn.
Emnet vektlegg utfordringar, men også moglegheiter, ulike regionar står overfor som utviklingsaktørar. Sentralt i emnet er korleis ein gjennom kommunikative planleggingsformer kan fremme deltaking, demokrati, læring og innovasjon som bidreg til utvikling og endring. Samskaping og partnarskap mellom det sivile samfunnet, næringsliv, demokratiske institusjonar og offentleg sektor, står sentralt.
Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk innføringsemne på mastergraden i Samfunnsplanlegging og leiing, men kan også gjennomførast som eit sjølvstendig emne i vidareutdanning.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- avansert kunnskap om grunnleggande planteoretiske perspektiv
spesialisert kunnskap om kommunikative og kollaborative planteoretiske perspektiv
avansert kunnskap om korleis kollaborativ planlegging kan nyttast som verktøy for å fremme innovasjon og utvikling i samfunn og regionar
Studenten skal sjølvstendig kunne
analysere og forholde seg kritisk til utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og regionar ved hjelp av planteoretiske perspektiv
finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Studenten skal sjølvstendig kunne
kritisk vurdere korleis planlegging som verktøy kan nyttast i ulike situasjonar og kontekstar for å fremme ei berekraftig utvikling.
kritisk reflektere over planleggarrolla som profesjon i plan- og utviklingsarbeid
Emnet er samlingsbasert med tre vekessamlingar (tysdag til fredag).
Samling 1: Veke 34
Samling 2: Veke 39
Samling 3: Veke 43
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og legg opp til at studentane deltek aktivt.
Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.
Arbeidskrav
Arbeidskrav 1: Gjennomføre litteratursøk.
Arbeidskrav 2: Levere eit utkast til heimeoppgåve.
Arbeidskrav 3: Gje fagfellevurdering (kommentar etter bestemt format) til ein medstudent sitt oppgåveutkast.
Instruksjonar og innleveringsfristar for arbeidskrava kjem fram av Canvas.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Planning and Leadership - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | 5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar og kjeldeliste i tråd med APA 6th eller 7th. |
Arbeidet med heimeoppgåva føregår gjennom heile semesteret. Heimeoppgåva skal leverast i eiga eksamensmappe (Inspera) innan oppgitt frist. Studentane får rettleiing.
Heimeoppgåva skal skrivast på bakgrunn av oppgitt eller eit valfritt tema. Studentane skal formulere eiga problemstilling og diskutere denne ved bruk av relevant teori og empiri.