Semesters

IPA301 Regional planlegging og utvikling

Course code: 
IPA301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I dette emnet utforskar vi samfunnsplanlegging som praksis og teori, og forhaldet mellom desse. Vi tek føre oss utvikling av samfunn og regionar gjennom samskaping mellom sektorar og aktørar, medverknad og medborgarskap, og planlegging som innovasjon og entreprenørskap. Vidare drøftar vi korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis og planleggarrolla kan fremme endring og berekraftig utvikling, først og fremst i norske regionar.

Studiet er eigna både for nyutdanna bachelorstudentar og for yrkesaktive som ønskjer kompetanse på masternivå. Emnet er eit obligatorisk innføringsemne på mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing, men kan også gjennomførast som eit sjølvstendig emne i vidareutdanning. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

 

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om grunnleggande planteoretiske perspektiv
  • avansert kunnskap om korleis kommunikativ og kollaborativ planleggingspraksis kan nyttast til å fremme innovasjon og endring i samfunn og regionar
Learning outcome skills

Studenten skal sjølvstendig kunne

  • analysere og forholde seg kritisk til utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og regionar ved hjelp av planteoretiske perspektiv 
  • finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff på ein sjølvstendig måte, og framstille og drøfte dette slik at det svarer på ei problemstilling
Learning outcome qualification

Studenten skal sjølvstendig kunne

  • kritisk vurdere korleis planlegging som verktøy kan nyttast i ulike situasjonar og kontekstar for å fremme ei berekraftig utvikling.  
  • kritisk reflektere over planleggarrolla i praktisk og teoretisk planlegging
Working and learning activities

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar (tysdag til fredag), med ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digital undervising.

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar, seminar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.

Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom (Canvas) der program for samlingar, førelesingar m.m. vert tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar og kommunisere med faglærar og med kvarandre.  

Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar​ ligg her.

Assessment requirements

Arbeidskrav

Arbeidskrav 1: Gjennomføre litteratursøk. 

Arbeidskrav 2: Levere eit utkast til heimeoppgåve. 

Arbeidskrav 3: Gje fagfellevurdering (kommentar etter bestemt format) til ein medstudent sitt oppgåveutkast.  

Instruksjonar og innleveringsfristar for arbeidskrava kjem fram av Canvas.  

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ellen Strøm Synnevåg
Gro Anita Bårdseth
Used in other programs
  • Planning and Leadership - master
  • Planning and Leadership - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Heimeoppgåve.
Arbeidet med heimeoppgåva føregår gjennom heile semesteret. Heimeoppgåva skal leverast i eiga eksamensmappe (Inspera) innan oppgitt frist. Studentane får rettleiing.

Heimeoppgåva skal skrivast på bakgrunn av oppgitt eller eit valfritt tema. Studentane skal formulere eiga problemstilling og diskutere denne ved bruk av relevant teori og empiri.
Alle
5000 ord (+/- 10%) inkludert tekst, innhaldsliste, figurar, tabellar og kjeldeliste i tråd med APA 6th eller 7th.
Approval signature: 
Randi Bergem 03.03.2022