Semesters

BLUBA Bacheloroppgåve

Course code: 
BLUBA
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUBULL Children`s development, play and learning
BLUSRLE Society, Religion, Worldview and Ethics
BLUNHR Nature, health and movement
BLUPRA2 Practice/Pre-School Teacher Education 2, 40 days.
Course content

Bacheloroppgåva er ei fordjupningsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Oppgåva kan skrivast individuelt eller som eit samarbeid med ein annan student. Der to studentar skriv saman må det avklarast med emneansvarleg. Innhaldet i oppgåva skal vere forankra i profesjonsfaglege problemstillingar som er sentrale for arbeidet som barnehagelærar. Oppgåva skal bygge på pedagogikk og kunnskap frå eitt eller fleire kunnskapsområde og/eller fordjupinga. Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle medvit omkring sentrale utfordringar i rolla som barnehagelærar. Det vert lagt vekt på kunnskapar om ulike metodar, refleksjon over forskingsprosessen og kritisk drøfting av teorigrunnlag. Arbeidet med bacheloroppgåva stiller høge krav til sjølvstende når det gjeld å søkje kunnskap og erfaringar. Arbeidet skal gjennomførast etter forskingsetiske retningsliner (sjå Reglar for personvern og Retningsliner for arbeid med bacheloroppgåve i barnehagelærarutdanninga i Canvas ). Emnet skal, som grunnlag for arbeidet med bacheloroppgåva, gi innføring i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og relevante metodar i forskings- og utviklingsarbeid. Arbeidet skal vere rettleidd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og ulike forskingsmetodar
  • har kunnskap om sentrale faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • har kunnskap om forskings- og faglitteratur knytt til tema for oppgåva
  • har bred kunnskap krav til rolla som profesjonell yrkesutøvar i eit mangfaldig samfunn 
Learning outcome skills

Studenten

  • kan formulere og avgrense eit pedagogisk og/eller fagdidaktisk tema
  • kan undersøke eit problemområde med ei relevant metode
  • kan formidle og dokumentere sentrale problemstillingar innan yrkesfeltet
  • kan dokumentere eigen profesjonskunnskap
  • meistrar sentrale element i akademisk skriving
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan synleggjere og reflektere kritisk over sentrale sider ved arbeidet i barnehagen og utfordringar i rolla som barnehagelærar
  • har innsikt i sin eigen profesjonelle identitet og si rolle som barnehagelærar
  • har innsikt i forskingsbasert kunnskap som grunnlag for profesjonsutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling
  • kjenner til ny kunnskap og forståing for vitskaplege og etiske aspekt ved forskings- og utviklingsarbeid
Working and learning activities

Hovuddelen av emnet handlar om sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåva. Undervisninga tek til i 5. semester med orientering om emnet og ei kort innføring i vitskapsteori og metode. I løpet av denne innføringa skal studentane arbeide med ei førebels forskingsskisse til tema og problemstilling for arbeidet. Skissa er eit arbeidskrav som skal leverast etter fastsett frist 5. semester og godkjennast av emneansvarleg. På bakgrunn av forskingsskissa skal studentane utvikle ein forskingsplan med problemstilling i 6. semester som skal godkjennast av rettleiar. Dette semesteret startar med ei meir grundig innføring i vitskapsteori og metode.

Bacheloroppgåva

Bacheloroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal følgje vitskaplege retningsliner. Studentane vel sjølve tema, problemstilling, teoretiske perspektiv og metode for datainnsamling. Problemstilling, informasjonsskriv og samtykkeskjema, og eventuell intervjuguide skal godkjennast av rettleiar. Som del av arbeidet skal det gjennomførast eit empirisk arbeid som saman med teoretisk og metodisk refleksjon kan belyse problemstillinga.

Studentseminar

Studentane skal presentere arbeidet med bacheloroppgåva på eit studentseminar. Innhaldet i presentasjonen skal ha eit særleg fokus på problemstillinga, kunnskapsgrunnlag og metode for datainnsamling. 

Undervegs i studiet vert det også ei seminar med tema: Kvar er du no, der studentane presenterer kort kvar dei er i prosessen og kva utfordringar dei eventuelt står overfor. 

Assessment requirements
  • Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisinga, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 6-6.
  • Skriftleg utarbeidd forskingsskisse. Skissa skal innehalde tematisering av problemområdet, grunngjeving for val av tema, problemstilling og val av metode. 
  • Godkjend forskingsplan med problemstilling. Forskingsplanen er ei utfyllande beskriving av forskingsprosjektet.
  • Deltaking i to studentseminar der studentane presenterer eige arbeid med oppgåva undervegs i semesteret.
Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Julia Melnikova
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
9000 - 11 000 ord (individuelt)
13000 - 15000 ord (gruppe)
Approval signature: 
Arne Myklebust