Semesters

BLUBA Bacheloroppgåve

Course code: 
BLUBA
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Bacheloroppgåve
Teaching semester: 
2020 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Bacheloroppgåve
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUBULL Children`s development, play and learning
BLUSRLE Society, Religion, Worldview and Ethics
BLUNHR Nature, health and movement
Course content

Bacheloroppgåva er i utgangspunktet ei individuell fordjupingsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Dersom to studentar ønskjer å samarbeide om oppgåva er dette mogleg innan visse rammer. Dette må avklarast med emneansvarleg. Innhaldet i oppgåva skal vere forankra i profesjonsfaglege problemstillingar som er sentrale for arbeidet som barnehagelærar. Oppgåva skal bygge på pedagogikk og kunnskap frå eit av kunnskaps- og/eller fordjupingsområda. Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle medvit omkring sentrale utfordringar i rolla som barnehagelærar. Det vert lagt vekt på kunnskapar om ulike metodar, refleksjon over forskingsprosessen og kritisk drøfting av teorigrunnlag. Arbeidet med bacheloroppgåva stiller høge krav til sjølvstende når det gjeld å søkje kunnskap og erfaringar. Arbeidet skal gjennomførast etter forskingsetiske retningsliner (sjå Retningsliner for arbeid med bacheloroppgåve i Barnehagelærarutdanninga som ligg i Canvas). Emnet skal, som grunnlag for arbeidet med bacheloroppgåva, gi innføring i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og relevante metodar i forskings- og utviklingsarbeid. Arbeidet skal vere rettleidd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskapar om:

  • normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og ulike forskingsmetodar
  • sentrale faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • forskings- og faglitteratur knytt til tema for oppgåva
  • krav til rolla som profesjonell yrkesutøvar i eit mangfaldig samfunn 
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • formulere og avgrense eit pedagogisk og/eller fagdidaktisk tema
  • undersøke eit problemområde med ei relevant metode
  • formidle og dokumentere sentrale problemstillingar innan yrkesfeltet
  • dokumentere eigen profesjonskunnskap
  • meistre sentrale element i akademisk skriving
Learning outcome qualification

Studenten har kompetanse i:

  • synleggjere og reflektere kritisk over sentrale sider ved arbeidet i barnehagen og utfordringar i rolla som barnehagelærar
  • utvikle medvit om sin eigen profesjonelle identitet og si rolle som barnehagelærar
  • vidareutvikle innsikt i forskingsbasert kunnskap som grunnlag for profesjonsutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling
  • vise ny kunnskap og forståing for vitskaplege og etiske aspekt ved forskings- og utviklingsarbeid
Working and learning activities

Hovuddelen av emnet handlar om sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåva. Undervisninga tek til i 5. semester med orientering om emnet og ei kort innføring i vitskapsteori og metode. I løpet av denne innføringa skal studenten arbeide med ei førebels forskingsskisse til tema for arbeidet. Skissa er eit arbeidskrav som skal leverast etter fastsett frist 5. semester og godkjennast av emneansvarleg. På bakgrunn av forskingsskissa skal studenten utvikle ein forskingsplan med problemstilling i 6. semester som skal godkjennast av rettleiar. Dette semesteret startar med ei meir grundig innføring i vitskapsteori og metode.

Bacheloroppgåva

Bacheloroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal følgje vitskaplege retningsliner. Studentane vel sjølve tema, problemstilling, teoretiske perspektiv og metode for datainnsamling. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. Som del av arbeidet skal det gjennomførast eit empirisk arbeid som saman med teoretisk og metodisk refleksjon kan belyse problemstillinga.

Studentseminar

Studentane skal presentere arbeidet med bacheloroppgåva på eit studentseminar. Innhaldet i presentasjonen skal ha eit særleg fokus på problemstillinga, kunnskapsgrunnlag og metode for datainnsamling. Kvar student får 20 minutt til disposisjon, der 10 minutt skal nyttast til presentasjon og 10 minutt til kommentarar og spørsmål frå rettleiar og medstudentar. Undervegs i studiet vert det også ei samling med tema: Kvar er du no, der studentane presenterer kort 3-5 min kvar dei er i prosessen og kva utfordringar dei eventuelt står overfor. På denne samlinga vert det også førelese om analyse av data og korleis drøfte. Dersom studentar skriv oppgåve saman, får dei 25 min til disposisjon i første seminaret (15 min til presentasjon og 10 min til diskusjon) og 8 min til saman i det andre seminaret. 

 

Assessment requirements
  • Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisinga,Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6.
  • Skriftleg utarbeidd forskingsskisse. Skissa skal innehalde tematisering av problemområdet, grunngjeving for val av tema, problemstilling og val av metode. Omfanget er på 450 og maksimun 650 ord.
  • Godkjend forskingsplan med problemstilling på minimum 2000 ord og maksimum 3000 ord. 
  • Deltaking i to studentseminar der studentane presenterer eige arbeid med oppgåva undervegs i semesteret.

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Bente Ellinor Vatne
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Oppgåva skal ha eit omfang på 9000 - 11 000 ord. Dersom to studentar vel å skrive oppgåve saman skal oppgåva ha ei omfang på 13000 – 15000 ord. Dersom to studentar samarbeider om oppgåva skal kvar student sin medverknad i arbeidet gå klart fram av eit følgjenotat. Følgjenotatet skal innehalde refleksjon over arbeidsfordelinga og læringsutbyttet av samarbeidsprosessen. Studentane skal også skrive ei kontrakt om samarbeidet. Oppgåva skal skrivast etter høgskulen sine retningsliner for akademiske tekstar og tilvisingar i skriftleg arbeid. Det skal vere referanse etter APA-standard som ligg på heimesida til Biblioteket. Skrifttype Arial, skriftstorleik 12 og linjeavstand 1,5.
10 000 ord +/- 10 %