Semesters

DKL113N Digital endring og utvikling i skulen

Course code: 
DKL113N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

DKL113N har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane og legge til rette for gode læreprosessar. Studiet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar verkty for å løyse utfordringar. Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive utviklingsarbeid (inkludert bruk av IKT), og kva for faktorar som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling. Studiet har tett fagleg oppfølging med tilbakemeldingar og diskusjonar, og med moglegheit for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske.

Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:     

  • kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·         
  • kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen     
  • kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring         
  • kunnskap om skulen og læraren sitt handlingsrom
  • kunnskap om individuell og kollektiv utvikling i skulen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:  

  • identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid       
  • planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • reflektere kring samanhengen mellom skulekultur og endrings- og utviklingsarbeid         
  • reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsprosessar i eigen organisasjon og eige klasserom
Working and learning activities

Nettbasert læringsarbeid.

Assessment requirements

Vilkår for å framstille seg til eksamen er to godkjende arbeidskrav gjennom semesteret. Omfanget av desse arbeidskrava utgjer til saman ca 8000 ord.  

Arbeidskrava vil inngå i eksamensmappa. 

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Synnøve Moltudal
Costs

Kr. 4.000,-

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Approval signature: 
Kate Kartveit