Semesters
DKL113N Leiing av digital skuleutvikling
Ingen.
DKL113N har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane og legge til rette for gode læreprosessar. Studiet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar verkty for å løyse utfordringar. Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive utviklingsarbeid (inkludert bruk av IKT), og kva for faktorar som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling. Studiet har tett fagleg oppfølging med tilbakemeldingar og diskusjonar, og med moglegheit for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·
- har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen
- har kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring·
- har kunnskap om skulen og læraren sitt handlingsrom
- har kunnskap om individuell og kollektiv utvikling i skulen
Studenten
- kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid·
- kan planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar·
- kan reflektere kring samanhengen mellom skulekultur og endrings- og utviklingsarbeid.
- kan reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess
Studenten kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsprosessar i eigen organisasjon og eige klasserom.
Nettbasert læringsarbeid.
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Kva for arbeidskrav som ligg til grunn vil til ei kvar tid gå fram av gjeldande semesterplan
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4.000,-
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |