Semesters
DKL113N Leiing av digital skuleutvikling
Ingen
Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane. Emnet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar nye verkty for å løyse utfordringar. DKL113N har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Emnet kan takast som ein del av eit årsstudium, eit halvårsstudium, eit deltidsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten i emnet Leiing av digital skuleutvikling:·
- har kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·
- har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen·
- har kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring·
- har kunnskap om læraren sitt handlingsrom, og kvifor profesjonsautonomi er viktig for skuleutvikling.
Kandidaten i emnet Leiing av digital skuleutvikling·
- kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid·
- kan planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar·
- Kan reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess
Studenten på DKL113 skal kunne planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsprosessar i eigen organisasjon og eige klasserom.
Nettbasert læringsarbeid.
Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Kr. 4000,-
- Digital Compentence for Teaching, on line courses
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |