Semesters

DKL114N Medieproduksjon og samansette tekstar i læring

Course code: 
DKL114N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Studiet DKL114N har eit særleg fokus på samansette tekstar og medieproduksjon for læring, med både teoretiske og praktiske innfallsvinklar og tett fagleg oppfølging undervegs. Bruk av multimodale/samansette tekstar i læringsarbeidet krev multimodal tekstkompetanse. Det krev kunnskap om blant anna skrift, bilete, lyd og video, og korleis ulike meiningsberande ressursar kan produserast og settjast saman til eit meiningsfullt innhald. Bruk av digitale verkty i eit læringsmiljø krev kjennskap til forskjellig programvare og kunnskap om ungdomens mediebruk og mediekultur. Utbreiinga av Internett og digitale verkty har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av samansette tekstar har vorte ein del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Didaktisk arbeid med samansette tekstar og digitale verkty utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Bruk av digitale verkty, produksjon og vurdering av medieprodukt, samt fokus på eleven sitt læringsutbytte og utvikling av digital kompetanse er sentralt i studiet. Studentane vil arbeide med å vidareutvikle sin profesjonsfaglige digitale kompetanse ved å tilegne seg kunnskap, reflektere, samarbeide, produsere og vurdere medieproduksjon og samansette tekstar gjennom fagelege tilbakemeldingar og diskusjonar, og med moglegheit for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske.

Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskapar om barn og unge sin mediekultur og mediebruk  
  • har forståing for forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, digitale verkty og mediert digital læring
  • har utvikla multimodal tekstkompetanse og kan anvende kunnskapar om analyse av multimodale tekstar
  • har grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til produksjon og bruk av multimodale tekstar og digitale læringsverkty
  • har grunnleggjande kunnskap om produksjonsprosessar for bilete, lyd, video og animasjon
  • har oppdatert og utvikla sine kunnskapar innan læring, vurdering og undervisning i eit digitalt læringsmiljø
Learning outcome skills

Studenten

  • kan reflektere over eigen praksis og justere den under rettleiing
  • kan ta i bruk kunnskap og teori i praktiske og teoretiske oppgåver, og gjere velbegrunna val
  • kan produsere og anvende eit multimedieprodukt for bruk i læringssamanheng
  • kan vurdere elevane sine multimediaproduksjonar og multimodale tekstar
  • kan reflektere over eigen produksjon av mutimedieprodukt og multimodale tekstar til bruk i læring
  • kan ta i bruk digitale verkty effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis ein lagar multimedieprodukt
  • kan planlegge og produsere varierte oppgåver og prosjekt, individuelt eller i samarbeid
  • forstår tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kan utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • viser kjennskap til og har erfaring i nytenkning og innovasjonsprosessar
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i samarbeid. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

Assessment requirements

Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa. Oppgåvene vil gå fram av semesterplanen.

Evaluation system
Minimum number of students: 
15
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Karin Kolås
Costs

Kr. 4.000,-

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual or Group exam
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen.
Approval signature: 
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn