Semesters

DKL114N Elevaktive metodar og mediekultur i det digitale klasseromet

Course code: 
DKL114N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Studiet DKL114N har eit særleg fokus på samansette tekstar og medieproduksjon for læring, med både teoretiske og praktiske innfallsvinklar og fagleg oppfølging undervegs. Bruk av multimodale/samansette tekstar i læringsarbeidet krev multimodal tekstkompetanse. Det krev kunnskap om blant anna skrift, bilete, lyd og video, og korleis ulike meiningsberande ressursar kan produserast og setjast saman til eit meiningsfullt innhald. Bruk av digital teknologi i eit læringsmiljø krev kjennskap til ulike digitale ressursar som programvare, nettressursar og digitale einingar, i tillegg til kunnskap om barn og unge sin mediebruk og mediekultur. Den utbreidde bruken av Internett og digitale ressursar har bidrege til at skrifta ikkje har ein like dominerande posisjon som tidlegare. Konsum og produksjon av samansette tekstar har vorte ein del av barne- og ungdomskulturen. Alle kan i dag samarbeide, kommunisere, produsere, publisere, dele og delta i mediekulturen ved hjelp av enkelt tilgjengeleg teknologi. Didaktisk arbeid med samansette tekstar og digitale ressursar utgjer ein naturleg del av læringsprosessane i dag. Bruk av digitale ressursar, produksjon og vurdering av medieprodukt, samt fokus på eleven sitt læringsutbytte og utvikling av digital kompetanse er sentralt i studiet. Studentane vil arbeide med å vidareutvikle sin profesjonsfaglige digitale kompetanse ved å tilegne seg kunnskap, reflektere, produsere og vurdere medieproduksjon og samansette tekstar gjennom diskusjonsforum og faglege tilbakemeldingar.

Learning outcome

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskapar om barn og unge sin mediekultur og mediebruk  
  • forståing for forsking og utvikling innan medieproduksjon i læring, bruk av digitale ressursar og mediert digital læring
  • utvikla multimodal tekstkompetanse og kan bruke denne kompetansen i arbeidet med multimodale tekstar
  • grunnleggjande kunnskap om prosessar knytt til produksjon og bruk av multimodale tekstar og digitale ressursar
  • grunnleggjande kunnskap om produksjonsprosessar for bilete, lyd, video og animasjon
  • oppdatert og utvikla sine kunnskapar innan læring, vurdering og undervisning i eit digitalt læringsmiljø
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • produsere og anvende eit multimedieprodukt for bruk i læringssamanheng
  • vurdere elevane sine multimediaproduksjonar og multimodale tekstar
  • reflektere over eigen produksjon av multimedieprodukt og multimodale tekstar til bruk i læring
  • ta i bruk digitale ressursar effektivt og nytte desse i ein læringssamanheng
  • ta i bruk kunnskap og teori i praktiske og teoretiske oppgåver, og gjere velbegrunna val
  • reflektere over eige arbeid og dele erfaringar
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne legge til rette for, støtte og rettleie elevane i korleis ein lagar multimedieprodukt
  • kunne planleggje og produsere varierte oppgåver og prosjekt, individuelt eller i samarbeid
  • forstå tydinga av viktige omgrep knytt til emnet, for eksempel teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og gjennom multimodale tekstar
  • kunne utveksle meiningar og erfaringar med medstudentar, og dermed bidra til utvikling av god praksis
  • vise kjennskap til profesjonsfagleg digital kompetanse, og utvikling av denne kompetansen innan medieproduksjon og samansette tekstar
Working and learning activities

Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar, læringsressursar, øvingar og oppgåver. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer, både individuelt og gjennom diskusjonar og erfaringsutveksling. Arbeidsoppgåvene vil bli relatert til læring og formidling ved hjelp av digitale ressursar. Emnet er organisert fullstendig nettbasert (også eksamen).

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:
Ingen

Arbeidskrav:
Emnet har to mappeoppgåver som godkjennast før innlevering til eksamen. Omfanget på kvar oppgåve vil vere på om lag 30 timar arbeid. Samla eksamensmappe har såleis eit omfang på om lag 60 timar arbeid.

Desse oppgåvene utgjer også eksamensmappa som skal leverast og vurderast ved semesterslutt. 

Studentane får tilbakemelding på mappeoppgåvene etter levering/godkjenning som arbeidskrav.

Om ei mappeoppgåve blir vurdert som "ikkje godkjent" etter første levering vil studenten få ny frist for levering av revidert versjon.

 

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Stian Cornelius Fagerlid
Costs

Kr. 4.000,-

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual or Group exam
Semesters
Pass / fail
Studenten skal levere ei samla eksamensmappe som består av godkjent/revidert versjon av dei to mappeoppgåvene frå arbeidskravet.

Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Approval signature: 
Arne Myklebust