Semesters

DRHS902 Vitskapsteori og etikk

Course code: 
DRHS902
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
5
Level of study: 
PhD
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. Sjå opptakskrav i studieplanen.

Course content

Emnet i vitenskapsteori og etikk vil gjera synlege etiske problem og dilemma  i arbeid med menneske, som er nært knytt til utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men slike dilemma er også til stades i forskninga sjølv, og det er viktig å gjera ph.d-kandidatane merksame på at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Emnet vil fokusera på denne problematikken ved å gi ei skisse av nokre av dei sentrale posisjonane i vitenskapsteorien, med særleg vekt på positivismen, positivisme-kritikken, fornufts- og institusjonskritikken og kritisk realisme. Desse posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet: Den strenge vitenskaplege disiplinen som ligg i positivismen, erkjenninga av subjektiviteten hos forskningsobjekta, som ligg i positivismekritikken, og fokuset på maktforhold som ligg i fornuftskritikken. Emnet vil gjera merksam på kva slags etiske premiss som ligg i vitenskapsteorien sjølv, og at det er desse spenningane som kjem til syne i helse- og sosialsektoren. Dette vil i neste omgang bli stilt saman med ein gjennomgang av etisk grunnlagstenkning. Ph.d-kandidatene vil også bli gjort kjent med ein del av lovene og forskriftene som finst på dette området.  

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal ha

  • inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar og om dei etiske utfordringane som ligg implisitt i desse posisjonane
  • inngåande kunnskap om sentrale etiske modellar og etiske regelverk for forsking
Learning outcome skills

Kandidaten skal kunna

  • utvikla og grunngi etisk forsvarlege val av vitenskapsteoretisk grunnlag for studiar
  • analysera det vitskapsteoretiske grunnlaget i gjennomførte prosjekt og kjenna att sentrale etiske problem
Learning outcome qualification

Kandidaten skal vera 

  • i stand til å gjera sjølvstendige eitiske vurderingar i sitt yrkesfelt
  • ta stilling til vitskapseoretiske posisjonar
Working and learning activities

Emnet blir organisert i to samlingar à tre dagar. I første samling blir dei ulike posisjonane presentert, og det blir gitt orientering om ulike forskrifter i forskingsetikken. Det vil også vera naturleg å invitera ein representant for Regional Etisk Komite. I andre samling presenterer deltakarane individuelle oppgåver som drøfter etiske dilemma relatert til eige forsking. Arbeidsformene omfattar førelesingar, heimeoppgåver og diskusjon. Samlingar vekne 16 og 21 (2021).

Assessment requirements

Godkjent framlegg på samling. Det er krav om deltaking på minimum 80 % av dei obligatoriske aktivitetane som går fram av undervisningsplan for emnet.

Evaluation

Emnet blir evaluert i samsvar med  kvalitetssikringssystemet ved Høgskolen i Molde: https://www.himolde.no/studier/om/studiekvalitet/kvalitetssystem/ph.d/ph.d.-i-helse--og-sosialfag/index.html/

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Jan Inge Sørbø
Used in other programs
  • PhD in Health and Social Sciences, Professional Practice - Terms and Development
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
Pass / fail
Fagessay
Approval signature: 
Randi Bergem 05.10.2020