Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
DRHS902 Vitskapsteori og etikk
Ingen. Sjå opptakskrav i studieplanen.
Emnet i vitenskapsteori og etikk vil gjera synlege etiske problem og dilemma i arbeid med menneske. Slike dilemma gjeld i mange tilfelle utøving av skjønn og fagleg autonomi. Men slike dilemma er også til stades i forskinga sjølv, og det er viktig å gjera ph.d-kandidatane merksame på at forsking i seg sjølv er ei etisk ladd handling. Emnet vil fokusera på denne problematikken ved å gi ei skisse av nokre av dei sentrale posisjonane i vitenskapsteorien, med særleg vekt på positivismen, positivisme-kritikken, fornufts- og institusjonskritikken og kritisk realisme. Desse posisjonane avspeglar nokre av dei sentrale spenningane i dette studiet: Den strenge vitenskaplege disiplinen som ligg i positivismen, erkjenninga av subjektiviteten hos forskningsobjekta, som ligg i positivismekritikken, og fokuset på maktforhold som ligg i fornuftskritikken. Emnet vil gjera merksam på kva slags etiske premiss som ligg i vitenskapsteorien sjølv, og at det er desse spenningane som kjem til syne i helse- og sosialsektoren. Dette vil i neste omgang bli stilt saman med ein gjennomgang av etisk grunnlagstenkning. Ph.d.-kandidatane vil også bli gjort kjende med ein del av lovene og forskriftene som finst på dette området.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal ha
- inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske posisjonar og om dei etiske utfordringane som ligg implisitt i desse posisjonane
- inngåande kunnskap om sentrale etiske modellar og etiske regelverk for forsking
Kandidaten skal kunna
- utvikla og grunngi etisk forsvarlege val av vitenskapsteoretisk grunnlag for studiar
- analysera det vitskapsteoretiske grunnlaget i gjennomførte prosjekt og kjenna att sentrale etiske problem
Kandidaten skal vera
- i stand til å gjera sjølvstendige etiske vurderingar i sitt yrkesfelt
- ta stilling til vitskapseoretiske posisjonar
Emnet blir organisert i to samlingar à tre dagar. I første samling blir dei ulike posisjonane presenterte, og det blir gitt orientering om ulike forskrifter i forskingsetikken. Det vil også vera naturleg å invitera ein representant for Regional Etisk Komite. I andre samling presenterer deltakarane individuelle oppgåver som drøfter etiske dilemma relatert til eige forsking. Arbeidsformene omfattar førelesingar, heimeoppgåver og diskusjon. Samlingar vekne 16 og 21, tysdag - torsdag (2023).
Noko av undervisninga kan skje digitalt (t.d. via Zoom). Undervisninga er for det meste organisert som seminar. Kandidatane skal også presentere eigne framlegg. Læringsutbytte i emnet føreset difor aktiv deltaking. For å realisere denne delen av læringsutbytte, skal deltaking via zoom skje ved fullt namn, og kamera og lyd slått på. Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e).
Godkjent framlegg på samling. Det er krav om deltaking på minimum 80 prosent av dei obligatoriske aktivitetane som går fram av undervisningsplan for emnet.
Emnet blir evaluert i samsvar med kvalitetssikringssystemet ved Høgskolen i Molde: https://www.himolde.no/studier/om/studiekvalitet/kvalitetssystem/ph.d/ph.d.-i-helse--og-sosialfag/index.html/
- PhD in Health and Social Sciences, Professional Practice - Terms and Development
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Fagessay |