Semesters
ENG2A-510KFK Engelsk 2A for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget.Emnet gir meir kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har kjennskap til oppbygging og variasjonar i setningsstruktur, og korleis slike strukturar blir brukt til å uttrykkje meiningsnyansar
har kunnskap om historisk utvikling av metodar og tilnærmingar til opplæring i engelsk
har noko kunnskap om variantar av engelsk
har kunnskap om historisk ulike metodar i og tilnærmingar til opplæring i engelsk
har kunnskap om ulike måtar å organisere opplæringa på
har kunnskap om korleis ulike faktorar kan påverke læring av engelsk
har innsikt i ulike læringsstrategiar som kan gjere elevane medvitne om eiga læring og språkutvikling i eit langsiktig perspektiv
kjenner trekk ved samfunnsutviklinga frå den engelskspråklege verda
kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer houvudsakleg frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen til både personleg vekst og undervisningsbruk
Studenten kan
bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
bruke kunnskap om det engelske grammatiske systemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning slik at det vert tatt omsyn til mangfaldet i elevgruppa og kulturell og språkleg bakgrunn
legge til rette for varierte og differensierte læringsaktivitetar som fremmer utviklinga av elevane sine reseptive og produktive språkferdigheiter, blant anna ved bruk av digitale læringsverktøy
gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar og bruk av eigenvurdering
kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur hovudsakleg frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen
kan nytte sin profesjonsfaglege digitale kompetanse i eiga engelskundervisning
Studenten kan
formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
nytte kjelder etisk og kritisk
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett og to samlingar i Volda (den fyrste på tre dagar og den andre på to dagar). Samlingane er obligatoriske. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til ei elevgruppe på høveleg aldersnivå for å prøve ut undervisningsopplegg.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.
Arbeidskrav:
Eit arbeidskrav i profesjonsfagleg digital kompetanse (ordtal ikkje relevant)
Eitt skriftleg arbeidskrav i språk (ordtal ikkje relevant)
Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1500 ord)
- Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1500 ord)
- Studenten skal gjennom semesteret føre ein logg der ho/han reflekterer over sin praksis i klasserommet med fokus på eiga didaktisk utvikling som lærar. Loggen bør førast minst ein gong i veka, ikkje mindre enn 50 ord per veke
Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- English 2 for Teachers years 5-10 - Compentence for Quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |