Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
EXP100 Examen philosophicum
Ingen
Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.
Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp). Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
Del 2: Etikk (3 stp). Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.
Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp). Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter enda studium skal studenten
ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om.
ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider.
ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk.
ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk.
Etter enda studium skal studenten
ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium.
Etter enda studium skal studenten
ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Undervisinga har form av leksjonar og diskusjonsforum i Fronter. Skriving av tre minioppgåver er inkludert. Det vert utarbeidd ein detaljert plan/kalender over undervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene. Ved få påmeldte vil ein få tilbod om å følgje nettutgåva av dette emnet, men utan å betale studieavgift.
I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Fronter innan oppgjevne tidsfristar. Ei av desse minioppgåvene kan brukast som øvingsoppgåva i skrivekurset REL102. Det vert akseptert at denne då vil vere litt lenger enn dei to andre minioppgåvene (ca. 8000 teikn utan mellomrom, som er ca. 4 sider). Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor in religious studies
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn. | Eksamensoppgåva må ikkje overstige 20 000 teikn utan mellomrom (altså max. 4000 ord). |