Semesters
EXP100 Examen philosophicum
Ingen
Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.
Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp). Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
Del 2: Etikk (3 stp). Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.
Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp). Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter enda studium skal studenten
-ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om.
-ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider.
-ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk.
-ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk.
Etter enda studium skal studenten
-ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium.
Etter enda studium skal studenten
-ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Undervisinga har form av leksjonar og diskusjonsforum i Canvas. Skriving av tre minioppgåver er inkludert. Det vert utarbeidd ein detaljert plan/kalender over undervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene. Ved få påmeldte vil ein få tilbod om å følgje nettutgåva av dette emnet, men utan å betale studieavgift.
I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Ei av desse minioppgåvene kan brukast som øvingsoppgåve i skrivekurset REL142. Det vert akseptert at denne då vil vere litt lenger enn dei to andre minioppgåvene (ca. 8000 teikn utan mellomrom, som er ca. 4 sider). Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11. (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Bachelor in religious studies
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 1 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn. | Eksamensoppgåva må ikkje overstige 20 000 teikn utan mellomrom (altså max. 4000 ord). |