Semesters
HFSOS101 Helsefag for sosialarbeidarar
Emnet skal gi studentane kunnskap om grunnleggjande omsorg og pleie og dei skal kjenne til aktuelle lover og vite korleis desse kan regulere praksis. Kompetanse innan tverrprofesjonelt samarbeid og samhandling skal bidra til at kompetansemangfaldet blir styrka.
Emnet består av sju tema:
A: Medisinfaglege emne 20 stp.
Anatomi/fysiologi
Sjukdomslære/funksjonssvikt
Farmakologi/legemiddelhandtering
Førebyggande helsearbeid
B: Helse og omsorg 10 stp
Grunnleggande omsorg/pleie
Sentrale lover og organisering
Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten kunne ha kunnskap om:
A-1: ha grunnleggande innsikt i og forståing for menneskekroppen sin oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet
A-2: kunne identifisere symptom og ha kunnskap om behandling av aktuelle sjukdommar og funksjonssvikt
A-3: ha kunnskap om grunnleggande farmakologi og kunne delta i gjennomføring av medikamentell behandling
A-4: ha oppdatert kunnskap om og kunne gjennomføre førebyggande og helsefremmande tiltak
B-1: kunne identifisere og ivareta brukarane sine behov for grunnleggande omsorg og pleie
B-2: ha kunnskap om korleis sentrale lover og forskrifter regulerer praktisk arbeid
B-3: kunne initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid
Etter fullført emne skal studenten kunne ha ferdigheiter i:
A-1: kunne gjere greie for menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet
A-2: kunne observere og kartlegge brukarane sin helsetilstand og funksjonssvikt
A-3: kunne medikamentrekning, dele ut ferdig istandgjort legemiddel på forsvarleg måte, overvake legemiddelinntaket og observere umiddelbare reaksjonar
A-4: kunne delta i planlegging og rettleiing i helsevenlege val, stimulere til sosiale samhandlingar i nærmiljø og organisasjonar
B-1: kunne rettleie, støtte og ivareta brukarane sine grunnleggande behov og ADL-funksjonar
B-2: kunne handle i tråd med gjeldande lover og forskrifter og bidra i beslutningsprosessar
(jf. t.d utarbeiding av individuell plan)
B-3: kunne utnytte kompetansemangfaldet i tverrprofesjonelt samarbeid
Etter fullført emne skal studenten kunne ha generell kunnskap i:
A-1: kunne reflektere over kvifor kunnskap i anatomi og fysiologi er viktig for vurderingar og tiltak
A-2: kunne identifisere sårbare situasjonar og samhandle med brukar, pårørande og hjelpeapparatet
A-3: kunne vurdere og dokumentere eigen handtering av legemiddel
A-4: kunne planlegge og delta i førebyggjande og helsefremjande arbeid både på systemnivå og individnivå
B-1: styrka etisk kompetanse ved å kunne utføre hjelpefunksjonar på ein respektfull og verdig måte, stimulere til eigenomsorg og meistring
B-2: ha forståing for korleis lover og forskrifter kan regulere praksis. Kunne legge til rette for brukermedverknad og relevant informasjon/opplæring
B-3: kunne vurdere eigen kompetanse i det tverrprofesjonelle samarbeidet
Nettbasert studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret).
Studentane jobbar nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
Ei veke obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
Obligatorisk nettmøte (Adobe) etter tredje samling (oppsummering og førebuing til eksamen).
Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen.
Frammøtekrav: Obligarorisk frammøte på samlingar, praksis og nettmøte.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav A: Gruppeinnlevering av arbeid med kasus
Arbeidskrav B: Praksisrapport
Arbeidskrav C: Test i medikamenthandtering
Arbeidskrav D: Individuell skriftleg oppgåve (omlag 2000 ord)
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av undervisningsplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).
- Health studies for Social workers
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 4000 ord |