Semesters
HFSOS101 Helsefag for sosialarbeidarar
Emnet skal gi studentane kunnskap om grunnleggjande helsefaglege tema som blant anna sjukdomslære, funksjonssvikt, observasjon, omsorg og pleie, i tillegg til grunnleggande farmakologi og forsvarleg legemiddelhandtering. Studentane skal kjenne til aktuelle lover og vite korleis desse kan regulere praksis. Kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid og samhandling skal bidra til at kompetansemangfaldet blir styrka.
Emnet består av sju tema:
Del A: Medisinfaglege emne (utgjer til saman 2/3 av emnet):
- Anatomi/fysiologi
- Sjukdomslære/funksjonssvikt
- Farmakologi/legemiddelhandtering
- Førebyggande helsearbeid
Del B: Helse og omsorg (utgjer til saman 1/3 av emnet):
- Grunnleggande omsorg/pleie
- Sentrale lover og organisering
- Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
A-1: har kjennskap til menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon
A-2: har kjennskap til behandling av aktuelle sjukdommar og funksjonssvikt
A-3: har innsikt i grunnleggande farmakologi og medikamentell behandling
A-4: har forståing for betydninga av førebyggande og helsefremmande tiltak
B-1: kan vurdere brukarane sine behov for grunnleggande omsorg og pleie
B-2: gjere greie for korleis sentrale lover og forskrifter regulerer praktisk arbeid
B-3: kan reflektere over korleis ulike perspektiv og profesjonar kan utfylle kvarandre i det tverrprofesjonelle samarbeidet
Studenten:
A-1: kan kjenne igjen menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet
A-2: kan observere og kartlegge brukarane sin helsetilstand og funksjonssvikt
A-3: kan enkel legemiddelrekning og dele ut legemiddel på forsvarleg måte
A-4: kan planlegge, legge til rette for og rettleie i helsevenlege val
B-1: kan rettleie, støtte og ivareta brukarane sine grunnleggande behov for pleie og omsorg
B-2: kan handle i tråd med gjeldande lover og forskrifter
B-3: kan initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid
Etter fullført emne skal studenten:
A-1: kunne reflektere over korleis helsefagleg kunnskap kan påvirke sosialfagleg arbeid
A-2: kunne identifisere helseutfordringar og samhandle med brukar, pårørande i sårbare situasjonar. Kunne gi informasjon og opplæring tilpassa den einskilde
A-3: kunne vurdere og dokumentere eiga handtering av legemiddel på ein forsvarleg måte
A-4: vere bevisst førebyggjande og helsefremjande arbeid både på systemnivå og individnivå
B-1: ha styrka etisk kompetanse ved å kunne utføre hjelpefunksjonar på ein respektfull og verdig måte
B-2: kunne legge til rette for autonomi og brukermedverknad
B-3: kunne vurdere eigen kompetanse og forsvarligheit i det tverrprofesjonelle samarbeidet
- Samlingsbasert og nettbasert studium med tre obligatoriske samlingar á tre dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret).
- Studentane jobbar nettbasert mellom samlingane.
- Sju dagar obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling
Arbeidskrav:
Det er fem obligatoriske arbeidskrav:
- Gruppearbeid
- Skriftleg innlevering i samband med praksis
- Test i legemiddelhandtering
- Individuelt skriftleg arbeid
- Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av undervisningsplanen.
Det er obligatorisk frammøte på samlingane og praksis (dvs. krav om 80 prosent frammøte). Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Studieavgift kr 10.000,- (kr. 5.000,- pr. semester).
- Health studies for Social workers
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 4000 ord |