Semesters
HFSOS101 Helsefag for sosialarbeidarar
Emnet skal gi studentane kunnskap om grunnleggjande omsorg og pleie og dei skal kjenne til aktuelle lover og vite korleis desse kan regulere praksis. Kompetanse innan tverrprofesjonelt samarbeid og samhandling skal bidra til at kompetansemangfaldet blir styrka.
Emnet består av sju tema:
A: Medisinfaglege emne 20 stp.
- Anatomi/fysiologi
- Sjukdomslære/funksjonssvikt
- Farmakologi/legemiddelhandtering
- Førebyggande helsearbeid
B: Helse og omsorg 10 stp
- Grunnleggande omsorg/pleie
- Sentrale lover og organisering
- Tverrprofesjonelt samarbeid/samhandling
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten:
A-1: ha kjennskap til menneskekroppen sin oppbygging, utvikling og funksjon
A-2: ha kjennskap til behandling av aktuelle sjukdommar og funksjonssvikt
A-3: ha innsikt i grunnleggande farmakologi og medikamentell behandling
A-4: ha forståelse for betydninga av førebyggande og helsefremmande tiltak
B-1: kunne vurdere brukarane sine behov for grunnleggande omsorg og pleie
B-2: gjere greie for korleis sentrale lover og forskrifter regulerer praktisk arbeid
B-3: kunne reflektere over korleis ulike perspektiv og profesjonar kan utfylle kvarandre i det tverrprofesjonelle samarbeidet
Etter fullført emne skal studenten:
A-1: kunne kjenne igjen menneskekroppen si oppbygging, utvikling og funksjon gjennom livet
A-2: kunne observere og kartlegge brukarane sin helsetilstand og funksjonssvikt
A-3: kunne enkel legemiddelrekning og dele ut ferdig istandgjort legemiddel på forsvarleg måte
A-4: kunne planlegge, legge til rette for og rettleie i helsevenlege val
B-1: kunne rettleie, støtte og ivareta brukarane sine grunnleggande behov for pleie og omsorg
B-2: kunne handle i tråd med gjeldande lover og forskrifter
B-3: kunne initiere og ta del i tverrprofesjonelt samarbeid
Etter fullført emne skal studenten:
A-1: kunne reflektere over korleis helsefagleg kunnskap kan påvirke sosialfagleg arbeid
A-2: kunne identifisere helseutfordringar og samhandle med brukar, pårørande i sårbare situasjonar. Kunne gi informasjon og opplæring tilpassa den einskilde
A-3: kunne vurdere og dokumentere forsvarligheit i eigen handtering av legemiddel
A-4: vere bevisst førebyggjande og helsefremjande arbeid både på systemnivå og individnivå
B-1: ha styrka etisk kompetanse ved å kunne utføre hjelpefunksjonar på ein respektfull og verdig måte
B-2: kunne legge til rette for autonomi og brukermedverknad
B-3: kunne vurdere eigen kompetanse og forsvarligheit i det tverrprofesjonelle samarbeidet
- Nettbasert studium med 3 obligatoriske samlingar á 3 dagar (to samlingar vårsemesteret og ei samling haustsemesteret).
- Studentane jobbar nettbasert i læringsgrupper mellom samlingane.
- Ei veke obligatorisk praksis mellom andre og tredje samling.
- Studentane må dokumentere godkjent førstehjelpskurs før dei får gå opp til avsluttande eksamen.
Frammøtekrav: Obligarorisk frammøte på samlingar og sju dagar praksis.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav A: Presentasjon i gruppe
Arbeidskrav B: Praksisrapport
Arbeidskrav C: Test i legemiddelrekning
Arbeidskrav D: Individuelt skriftleg arbeid
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av undervisningsplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studieavgift kr 8000,- (kr. 4000,- pr. semester).
- Health studies for Social workers
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 4000 ord |