Semesters

HI113 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca.1870–2000

Course code: 
HI113
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Føremålet med dette emnet er å gi studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca.1870 til ca. 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
Learning outcome skills

Studenten: 

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • kan formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium, slik som blogg
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

Det blir gitt førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie ved Høgskulen i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

 

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgitte tema i samsvar med semesterplanen.Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på om lag 2500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan få dispensasjon frå kravet mot å gjennomføre eit anna arbeidskrav etter instruks frå instituttet. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emnet i Canvas. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen skal gjennomførast i same semester.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Åsmund Svendsen
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - yearcourse
  • Language and Literature - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen (arbeidskrav). I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.

Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk i Inspera. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane blir lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
3000 - 3500 ord
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Eksamen vert gjennomført i tråd med retningslinjene for eksamen ved HVO og i samsvar med instruks frå Historisk institutt.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS102N
2
SRS103N
2
Approval signature: 
Randi Bergem 05.03.2023