Semesters

HI113 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca.1870–2000

Course code: 
HI113
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca.1870–2000
Teaching semester: 
2022 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Føremålet med dette emnet er å gi studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca.1870 til ca. 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal

  • ha grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
  • ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
  • presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. gjennom digitale medium, slik som blogg
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Working and learning activities

Det blir gitt førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) . Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Dersom ein student anten etter søknad får innvilga dispensasjon til å delta på emnet heilt eller delvis via strøyming, eller heile eller delar av emnet blir strøyma til heile studentgruppa, skal slik deltaking skje med fullt namn og kamera og lyd slått på. Dette blir gjort for at studentane skal få tilstrekkeleg utbyte av dialogbasert undervisning og studentaktive læringsformer, og for å bidra til å oppnå ferdigheitsmåla om å kunne:

  1. formidle kunnskap om emneinnhaldet til fagmiljø og eventuelt eit allment publikum, t.d. ved munnleg presentasjon eller gjennom digitale medium
  2. reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgitte tema i samsvar med semesterplanen.Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på om lag 2500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Presentere eit fagstoff munnleg eller i digitale medium i samsvar med plan og instruks frå instituttet.
  • Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgitt tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emnet i Canvas. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester.

Evaluation system
Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Ola Teige
Used in other programs
  • History - bachelor
  • History - yearcourse
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. 1. punkt under Vilkår for å framstille seg til eksamen (arbeidskrav). I sluttevalueringa kan det bli lagt vekt på prosessen.

Eksamensoppgåva skal leverast elektronisk. Fyldig informasjon om gjennomføring av eksamenane blir lagt ut i Canvas i god tid før eksamen.
3000 - 3500 ord
Home exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Ingen
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
SRS102N
2
SRS103N
2
Approval signature: 
Randi Bergem 26.02.2021