Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2016 Spring
HI113 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Ingen.
Formålet med dette emnet er å gi studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til ca 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til fram mot vår tid og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
- kan presentere eit fagstoff munnleg etter førebuing
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Det blir gitt førelesingar og seminar i emnet. All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen nedanfor) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgitte tema i samsvar med semesterplanen.Den tilnærma ferdige versjonen skal vere på minst 2500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
- Presentere utkast til oppgåva nemnt under det første punktet, for lærar og medstudentar. På førehand skal studenten levere eit skriftleg oppsett til presentasjonen, og under seminaret skal studenten svare på spørsmål og kommentere innspel til utkastet, alt i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet.
- Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgitt tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovanfor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- History - bachelor
- History - yearcourse
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | 3000 - 3500 ord | ||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS102N | 2 | |
SRS103N | 2 |
Oppgåva skal leverast elektronisk i Fronter.