Semesters
- 2026 Spring
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2016 Spring
HI113 Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Ingen
Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til ca 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.
Kjem.
Det er eit mål at studenten- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til i dag og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom innanfor desse rammene- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet.
Det er eit mål at studenten- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer- kan presentere eit fagstoff munnleg etter førebuing- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Ingen.
Det blir gjeve førelesingar og seminar i emnet våren 2016.Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema.All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:
- Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den ferdige oppgåva skal ha eit omfang av 3000–3500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon (arbeidskrav 2).
- Presentere utkast til oppgåva nemnt under det første punktet, for lærar og medstudentar. På førehand skal studenten levere eit skriftleg oppsett til presentasjonen, og under seminaret skal studenten svare på spørsmål og kommentere innspel til utkastet, alt i samsvar med plan og instruks oppsett frå instituttet (arbeidskrav 2A).
- Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.
- Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje emneansvarleg om dispensasjon frå kravet mot levering av eit skriftleg arbeid, innanfor oppgjeve tema. Liksom under det første og andre punktet skal også dette arbeidet godkjennast før ein kan gå vidare i emnestudiet.
Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og del 1 av eksamen må gjennomførast i same semester.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | 3000-3500 ord | |||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
SRS102N | 2 | |
SRS103N | 2 |
Oppgåva skal leverast elektronisk i Fronter.