Semesters

HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden

Course code: 
HI201
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Anten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og /eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan vurderast etter søknad.

Course content

Formålet med dette emnet er – i ei tid med sterkt aukande internasjonalt samkvem – å formidle a) forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike delar av verda, og b) relasjonane mellom ulike sivilisasjonar og regionar. Emnet konsentrerer seg om komparative studiar av sivilisasjonar og av «det europeiske mirakel»: «Europa var i utgangspunktet et primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med et politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden» (Carlo Cipolla). Dette sitatet vil bli problematisert, og to grunnbøker (av David Landes og Robert M. Marks) med ulikt syn på den globale utviklinga frå 1400-talet og fram til om lag 2000 er sentrale i emnet.Emnet er delt i 10 faglege tyngdepunkt, som går inn på geografi, demografi og kultur, universelle og særeigne trekk, Europas ekspansjon i Amerika, Asia og Asia, den «industriøse» og industrielle revolusjonen i Europa, det «utvida» Europa (Vesten) på 1800- og 1900-talet, Asia, Midt-Austen og Russland, imperiebygging og -samanbrot på 1900-talet, utbyttingsproblematikken, og om globaliseringa er ei myte eller ein realitet.

Learning outcome

Kjem.

Learning outcome knowledge

Det er eit mål at studenten- har kunnskapar om framveksten av Europas og Vestens globale hegemoni, og dei ikkje-vestlege samfunna sine reaksjonar mot den vestlege dominansen- har oversikt over ulike teoriar om interne og eksterne årsaksfaktorar bak økonomisk utvikling/underutvikling- forståing for ulike sider ved globaliseringa.

Learning outcome skills

Det er eit mål at studenten- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk reflektere over globalhistoriske framstillingar- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Learning outcome qualification

Ingen.

Working and learning activities

Emnet kan takast med forelesingar i Volda samt som nettstøtta studium. Vi tek atterhald om tilstrekkeleg påmelding.Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» à 5–10 sider, som blir distribuert via internett. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i pensumet, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tekne opp.Alle studentar som tek emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gjev fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar.All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk (navigering i nettleser, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer). Det blir gjeve innføringskurs i desse teknikkane ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 500-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.
  • Gjennomføre ein 4 timars individuell prøve på Fronter.
  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift.

Begge prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåver etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåvene skal også ha eit omfang av om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Sjå under Vurdering og eksamen. Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv.Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester.Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
40
Used in other programs
  • History - yearcourse
  • History In depth study (net-based)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei individuell mappe med to element;
◦dei to prosessoppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering.