Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Spring
- 2016 Spring
HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden
Minimum 30 stp. i historie grunnemne: Enten HI101/111/111N/111N-AVG og/eller HI102/112/112N/112N-AVG og /eller HI103/113/113N/113N-AVG. Andre relevante fag kan bli vurderte etter søknad.
Formålet med dette emnet er – i ei tid med sterkt aukande internasjonalt samkvem – å gi
- forståing for samfunnssystem og historiske utviklingsprosessar i ulike delar av verda
- kunnskap om relasjonane mellom ulike sivilisasjonar og regionar
Emnet konsentrerer seg om komparative studiar av sivilisasjonar og av «det europeiske mirakel»: «Europa var i utgangspunktet et primitivt, lite interessant og underutviklet hjørne av verden som stadig var utsatt for herjinger fra mektige naboer. Gradvis ble Europa omformet til et dynamisk, utviklet og skapende samfunn med et politisk, kulturelt og økonomisk hegemoni over resten av verden» (Carlo Cipolla). Dette sitatet vil bli problematisert, og to grunnbøker (av David Landes og Robert M. Marks) med ulikt syn på den globale utviklinga frå 1400-talet og fram til om lag 2000 er sentrale i emnet. Grunnbøkene blir supplert med eit utval artiklar.
Emnet er delt inn i 10 tematiske tyngdepunkt, der mellom anna geografiske, demografiske og kulturelle trekk i forskjellige delar av verda blir drøfta, og om nokre kulturelle trekk er særeigne for (Vest)Europa eller om dei er universelle. Europas ekspansjon i Amerika og Asia i tidleg moderne tid (1500-1800), den «industriøse» og den industrielle revolusjonen i Europa får stor plass. Det same får Vestens geografiske, økonomiske og kulturelle ekspansjon på 1800- og 1900-talet, samt dei ikkje-vestlege motkreftene mot denne dominansen. Den globale fattigdomsproblematikken, forholdet mellom land i "Nord" og land i "Sør" og kva verknader den nye "globaliseringa" har på verdssamfunnet vil også bli problematisert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om framveksten av Europas og Vestens globale hegemoni, og dei ikkje-vestlege samfunna sine reaksjonar mot den vestlege dominansen
- har oversikt over ulike teoriar om interne og eksterne årsaksfaktorar bak økonomisk utvikling/underutvikling
- har forståing for ulike sider ved globaliseringa
Studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gitte tidsrammer
- kan kritisk reflektere over globalhistoriske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Emnet er eit nettstudium. Det blir gitt forelesingar i Volda om det melder seg minst 8 studentar.
Innhaldet i emnet blir i tillegg formidla og utdjupa gjennom skriftlege s.k. «nettleksjonar» på om lag 10 sider, som blir distribuert via internett. Faglærarane har utarbeidd to slike leksjonar til kvart tyngdepunkt.
All undervisning har elles som føresetnad at studentane på førehand set seg inn i det aktuelle temaet i pensumet, og førebur seg til dei problemstillingane som blir tatt opp.
Alle studentar som tar emnet, blir fordelte i basisgrupper á 3-4 for gjennomføring av mappeevalueringa (sjå nedafor). Kvar gruppe får ein faglærar som rettleiar, som godkjenner arbeidskrava og gir fagleg tilbakemelding på oppgåveutkast og kommentarar til medstudentar. All innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjent med elementær internettbruk - navigering av nettlesar, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir gitt innføringskurs i læringsverktøyet ved semesterstart, og det blir lagt ut detaljerte rettleiingar på nettet.
Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:
- Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
- Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver til 2 medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang på 500-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
- Gjennomføre ei 4 timars individuell prøve på Fronter
- Skrive eit refleksjonsnotat som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang på 400-600 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift
Begge prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåver etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåvene skal også ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. Sjå under Vurdering. Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gitt i eige skriv. Arbeidskrava og eksamen må gjennomførast i same semester. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrava må vere godkjente for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- History - bachelor
- History - yearcourse
- History - yearcourse (netbased, part time)
- History In depth study (net-based)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen. | Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang på om lag 3000 ord med 1,5 i lineavstand og 12 pkt. skrift. |
◦dei to prosessoppgåvene studenten har skrive. Studenten har høve til å forbetre oppgåvene før dei vert lagde i sluttmappa. Ei av oppgåvene vert trekt ut til vurdering.