Semesters
HPE209 Formidling i høgare utdanning
Studiet er for fagleg tilsette ved Høgskulen i Volda.
Formålet med studiet er å gje deltakarane praktisk og teoretisk innsikt i arbeidet med kommunikasjons- og formidlingsteknikkar i ein didaktisk kontekst, både i det fysiske og det digitale klasserommet. Tilhøvet mellom teori og praksis, etiske problemstillingar og profesjonstilhøyrigheit er sentralt.
Deltakarene vil arbeide med m.a.:
- Analyse av eigen undervisning knytt til kommunikasjonsmodellar
- Praktiske og teoretiske øvingar knytt til ulike formidlingsteknikkar
- Mikrofon og kamerateknikk
- Dramaturgi som didaktisk verkemiddel
Studiet skal stimulere til kontinuerleg utvikling av faglærar sin pedagogiske kompetanse. Emnet kan også inngå i pedagogisk merittering.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal:
- ha avansert kunnskap om ulike kommunikasjons- og formidlingsstrategiar
- ha inngåande kunnskap om ulike dramaturgiske perspektiv på undervisning, i digitale og fysiske rom.
Studenten skal:
- kunne nytte relevante kommunikasjons- og formidlingsteknikkar i ulike pedagogiske situasjonar.
- kunne analysere og endre eigne kommunikasjonsmønstre.
- kunne ta del i ulike praktiske øvingar, individuelt og i gruppe.
- kunne nytte ulike dramaturgiske inngangar i undervisingsplanlegging.
Studenten skal:
- kunne reflektere kritisk over eigen og andre sin formidlingspraksis
- kunne planleggje, gjennomføre og kritisk analysere eigen undervisning, sett i lys av ulike formidlings- og kommunikasjonsstrategiar
- kunne ta initiativ til utvikling og nytenking knytt til eigen undervisingspraksis
Arbeidsmåtane vekslar mellom førelesingar, presentasjonar, drøftingar og praktiske øvingar. Intensjonen med arbeidsmåtane er å støtte faglærar i si eiga utvikling i rolla som underviser i høgare utdanning.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all timeplanfesta aktivitet, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6
Arbeidskrav:
- Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet
- Eit framlegg på 10-15 minutt i gruppe, knytt til analyse av eigen undervising.
- Eit undervisingsopplegg på 10-15 minutt, der studenten leier ei gruppe medstudentar.
- Ei digital undervisingsøkt på 5-10 minutt.
Alle arbeidskrav har to forsøk. Detaljert informasjon og vurderingskriterium for arbeidskrava vert gitt ved semesterstart.
Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-7.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | Pass / fail | 100 | 15 min formidling av eit sjølvvalt tema, og 15 min framlegg av val gjort, knytt til teori og sjølve formidlinga | Alle hjelpemiddel tillat | 15 + 15 minutt |