Semesters
IFL104 Treningslære
IFL 101
Emnet er samansett av desse kursa: Kurs 1. Bevegelseslære II - Teknikk og bevegelsesanalyse av spesifikke idrettar - Prosjektarbeid; ei mekanisk organisk analyse av ei sjølvvald rørsle i kroppsøving/idrett Kurs 2. Fysiologi og treningslære - Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening - Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag - Idrettsskadar- Doping Kurs 3. Praktisk treningslære - Bruk av enkelt test – og registreringsutstyr- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag Kurs 4. Ballspel- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk-metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for barn og unge, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.
Etter å ha fullført studiet skal studentane ha kunnskap om:- grunnleggjande bevegelsesanalyse knytt til spesifikke idrettar og rørsle i kroppsøving/idrett- prestasjonsutvikling og praktisk treningslære i idrett/kroppsøving- bruk av enkelt test- og registreringsutstyr (IKT)- Idrettsskadar og doping- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 3 og 4- gjeldande spelereglar for ballspela i kurs 4- å planlegge, legge til rette for og gjennomføre praktisk – metodisk opplegg i utvalde aktivitetar Etter å ha fullført studiet skal studentane ha ferdigheiter i:- å planleggje, gjennomføre og leggje til rette for læring i dei ulike ballspela i kurs 4 for barn og unge- å tillempe aktivitetar, øvinga og reglar for å leggje til rette for ulike læringssituasjonar i ballspela i kurs 4- å kunne legge til rette for prestasjonsutvikling i idrett- å analysere og forstå ulike teknikkar i idrett- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa 3 og 4
-
-
-
Ein varierer mellom gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i sal, baner og nærmiljø, og bruker varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga tilDet er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar i alle kurs, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av Kurs 4, Ballspel, der ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking knytt til undervisning, rettleiing og framføring i høve prosjektarbeide i Kurs 1 Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.Studentane kan rekne med å få utgifter til transport i samband med undervisning i kurs 4Materialpengar: 200 kr.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.